HEIMBYGDA: Kjartan Lauritzen fekk laurdag æren av å avslutta festivalen framfor heimbygda Balestrand. Her frå Målrock-festivalen i Årdal i fjor.
HEIMBYGDA: Kjartan Lauritzen fekk laurdag æren av å avslutta festivalen framfor heimbygda Balestrand. Her frå Målrock-festivalen i Årdal i fjor. (Foto: Sunniva Knutsen / Arkiv)

Årets Balejazz ein braksuksess, festivalsjef: – Rekordhøgt billettsal

Festivalsjef Sigurd Kvikne har god grunn til å smila etter årets utgåve av musikkfestivalen.

Balestrand: Sundag, etter vel overstått festival, kan han nemleg melde om rekordhøgt billettsal, både totalt og antal selde bilettar på førehand. 

Totalt vart omlag 2800 billettar selde i år, mot 2100 totalt frå fjorårets festival. Under førehandssalet aleine rauk 2200 bilettar innan fredag morgon.

– Festivalen gjekk over forventing, særs med tanke på billettsal og antal oppøtte. Det har auka kraftig frå i fjor. Me må nesten karakterisere dette som tidenes Balejazz. Det har vore heilt fantastisk, seier ein nøgd festivalsjef til Porten.no sundag. 

God respons på artistprogrammet

Under årets utgåve av musikkfestivalen i helga, var det eit breidt spekter av artistar innom scena. 

Saka held fram under biletet. 

NØGD: Festivalsjef Sigurd Kvikne gler seg over ein suksessrik Balejazz, og røper at neste års festival, 30-års jubileumet, vil bli spesiell. Foto: Sondre Dalaker / NRK

Bjørn Eidsvåg, Hanne Boel, Thea Hjelmeland, Sigvart Dagsland og Balestrands stoltheit (og Kvikne sin son) Kjartan Lauritzen var innom. Ein god miks, fortel Kvikne.

– Me har berre fått positive tilbakemeldingar på artisitprogrammet. Det var kjekt å sjå at det ikkje berre var unge folk som såg på Kjartan Lauritzen, men at det var folk i alle aldrar, seier han.

Lovar eksepsjonell jubileums-festival

- Blir det Balejazz 2020?

–Ja, det må det bli. Neste år er det 30 års jubileum, det skal bli eksepsjonelt, seier Kvikne.

Han vil likevel ikkje røpa detaljar.

–Me må telja kassa og sjå kva ressursar me har, men noko supert må me få til, avsluttar han.

Til toppen