Sogndal: For to år sidan var det tre divisjonar mellom Studentspretten og Fjøra. Denne sesongen møter dei kvarandre i kretsligaen. I dagens treningskamp var det "storebror" som fekk første sigeren i lokaloppgjeret.
– Eg syns at me var det førande laget i denne kampen, seier trenar til Studentspretten Gøran Wigum.
Fjøra tok leiinga allereie etter nokre minutt og etter eit kvarter auka dei leiinga med endå eit mål. Studentspretten klarte så å komme spele seg inn i kampen og fekk fleire moglegheiter til skåre.
Diskutabel straffe

Dette skjedde også, men berre nokre minutt seinare var det Fjøra så skåra siste mål før pause. Etter pause begynte temperamentet å stige og det blei delt ut fleire gule kort. 10 minutt før slutt var stillinga den same, men etter ein diskutabel straffe og svak forsvarspel endte kampen med 6 mål.
– Me gjer ein god andre omgang, men me slepp inn to tullemål på slutten. Vi gir litt opp, det kan ikkje me gjere. 5 - 1 gir ikkje eit rett bildet av kampen, seier Wigum.
Sjølv om det var ein treningskamp kunne Wigum ikkje vere fornøgd med resultatet.
– Vi er slappe i foran eige mål, i tillegg skåra dei to mål på kontring. Vi mista ballen for lett og er ikkje med i omstilling. Der er Fjøra betre enn oss på.

– Fint å møte gamle laget mitt
Denne sesongen kjem laga til å møtes i kretsligaen. For Gøran Wigum er det endå meir spesielt, då han spelte for Fjøra førre sesong.
– Det går heilt fint å møte gamle laget mitt. Eg er gode kompisar med dei eg spelte med på Fjøra. Det er berre kjekt det.