SOGNEFJELLET: Stø kurs mot Steindalsnosi.
SOGNEFJELLET: Stø kurs mot Steindalsnosi. (Foto: Torjus Havnerås Aagenes)

VEKAS FOTO

Årets fyrste skitur på Sognefjellet

Turen gjekk til Steindalsnosi.

Sogn: Vekas foto er teke av Torjus Sagenes, og på biletet kan ein sjå kompisen Mikel Gonsholt godt påkledd for ein nydeleg skitur i friskt vintervêr på Sognefjellet. 

Trivest best bak kameratet

– Biletet er teke for tre veker sidan, då me gjekk til Steindalsnosi på Sognefjellet, seier fotografen.

Det var årets fyrste skitur for Sagenes, men òg fyrste gongen han gjekk til Steindalsnosi.

På instagramen hans kan ein for det meste sjå bilete av turar i fjella på ski eller sykkel. Men han legg ikkje skjul på at han trivest best bak kameraet i staden for på sykkelsete. 

– Eg står ein del på ski, men er ikkje så god på sykkel. Eg føretrekker ski over sykkel, heilt klart, seier han og ler.

Vil du dela eit bilete med oss? Bruk taggen #MittPorten på Instagram eller send til tips@porten.no.

Til toppen