Årets høgdepunkt for ASVO-bandet

Bandmedlemmane storkoste seg under den årlege Kulturfestivalen i Førde. 

Den 11.-13. mars vart det arrangert Kulturfestival for menneske med utviklingshemming på Scandic Sunnfjord Hotell i Førde. 

ASVO-bandet frå Årdal opna festivalen med konsert og dans fredag kveld. 

Les også: ASVO-bandet opnar kulturfestival​ 

– Responsen var heilt hinsides. Det var smekk full sal og tramp og klapp frå fyrste låt. Så berre steig det. Det enda med dans, tjo og hei, seier Helge Øren, som var med å rigga klar konserten fredag. 

Olsenbanden som tema

Deltakarane kunne i løpet av helga melda seg på kurs i blant anna kulissar, gitargruppe med band, måling og dans. Alle dei forskjellige kursa vart deretter fletta inn i ei felles forestilling søndagen.

– Dei får treffa igjen gamle kjende og det er flinke instruktørar som er med. Heile opplegget er heilt supert, seier Grete som jobbar på Øvstetunshagen Bufellesskap og som var med bandet denne helga. 

Ho fortel at deltakarane ser på festivalen som årets høgdepunkt og har gleda seg til helga sidan dei fekk invitasjonen. 

– Me var 12 frå vårt bufellesskap som deltok, men tilsaman var me vell 20-21 som reiste frå Årdal. Festmiddagen på laurdag var høgdepunktet med mykje dans og song. Dei storkosa seg alle saman og det var ganske så heftig, seier Grete. 

Håpar på meir resursar 

Til vanleg øver ASVO-bandet ein time, ein gong i veka. 

– Eg skulle ønskja at me fekk fleire timar i veka, nett slik som alle andre som driv med fritidsaktivitetar har. Men me har diverre ikkje nok resursar. Eg skulle ønskja me fekk gjort meir, fyrst og fremst for deira del, seier Øren. 

Musikklæraren seier at det bandet gjer på scena berre er ein stor bonus, og at det er tida med øving og samhold som er kjerna i det dei driv med. 

– Me må verna om arrangement som Kulturfestivalen og gjera alt me kan for å ta vare på slike hendingar. Det er viktig å samla på dei gode opplevingane, men me må også skapa dei sjølve. Det er ikkje mange arrangement som er laga spesielt for denne målgruppa her, seier Øren. 

I dag, 21. mars, er også markeringa av Verdsdagen for Down syndrom og dette er grunnen til at bilete av folk som går med ulike sokkar vert spreidd i sosiale medium. 

Les også: Sokkar i alle regnbogens fargar

Til toppen