VINNARAR: Godt og blanda slo Retro i finalen og kunne ta pokalen med seg heim. (Foto: Fjøra FK)

Årets Kjempenes Liga blei vunnet av Godt og blanda og Kjil and Friends

33 lag var med på årets Kjempenes Liga i Sognahallen.

Sogndal: Årets vinnarar var Godt og blanda, som slo Retro med 1-0 i damefinalen etter ein spennande kamp som begge laga kunne ha vunne. Kjil and Friends kunne gå jublande av bana etter ein 3-0 siger mot Vik gym, som ifølgje Fjøra FK har tapt finalen tre gongar dei fire siste åra.

Den seriøse useriøse turneringa

JUBEL: Kjil and Friends vann med 3-0 mot Vik gym.
JUBEL: Kjil and Friends vann med 3-0 mot Vik gym. Foto: Youri van der Werve

Kjempenes Liga er ei fotbalturnering for bedriftslag, kameratgjengar eller samansette grendalag som blir arrangert av Fjøra FK. Kampane blir spelt i Sognahallen og det er strenge reglar for kor mange aktive fotballspelarar som kvart lag kan ha.

Namn som Meme Team, Trusefuktarane og Bayern Neverlosen får ein til å tru at dette ikkje er noko seriøs turnering, men då tar ein veldig feil.

Kvar kamp har ein dommar som dømmer på eit høgt nivå. Temperaturen under kampane er høg og viser kor viktig det er for laga å vinna kampane og helst heile turneringa.

PUBLIKUM: Mange møtte opp for å sjå på Kjempenes Liga i helga.
PUBLIKUM: Mange møtte opp for å sjå på Kjempenes Liga i helga. Foto: Youri van der Werve

Fullsett tribune

Laga som er med på turneringa kjem frå heile Sogn og i år var det åtte damelag og tjuefem herrelag med. Men det er ikkje berre på bana det er stort oppmøte. Tribuna er fylt med publikum under heile turneringa og spesielt i finalane er engasjementet stort.

 
Til toppen