Fresvik: Laurdag kveld fekk han P3 Gull for årets låt, no er det klart at Cezinando blir blant artistane som tek turen til Fresvik siste helga i juli.
– Me er heilt vanvittig nøgde med å få Cezinando til Fres, seier Gunnar Husabø, ein av fire festivalsjefar, i ei pressemelding.

Fleire spanande namn på festivalplakaten
Han minner om at dei har hatt fleire kjende hiphopartistar på festivalen dei siste åra, som Arif, Lars Vaular, Yoguttene, Sushi x Kobe og ikkje minst den lokale helten Kjartan Lauritzen.
– Me ser fram til å òg i 2018 kunne diska opp med det fremste innan norsk hiphop, seier Husabø.
Til festivalen kjem òg bergensrockarane Great News, popkometen Thea and the Wild og metalbandet Sibiir.
– Great News spelar episk 80-talsinspirert rock og dei ligg for tida i startgropa til ei svært lovande karriere. Dei har nyleg signert på det internasjonale bookingbyrået Coda og i februar kjem den lenge bebuda langspelardebuten, skriv festivalleinga i pressemeldinga.
Billettsalet har starta
Thea & The Wild har blitt ein favoritt blant både radiolyttarar og meldarar. Debutskiva Strangers & Lovers frå 2014 vart nominert til spellemannspris. Den nye plata kjem i februar og dei tre første singlane er allereie ute.
Sist ut er Sibiir, som festivalleinga lovar vil levera «blytunge riff og herleg høg vreng». Debutplata kom på tampen av 2016, men Sibiir har allereie rokke å bli eit av landets mest ettertrakta liveband med bookingar på Slottsfjell, Øya og Tons of Rock.
Fres Festival 2018 går av stabelen frå 26. til 28. juli og dei 1000 tilgjengelege billettane vart lagde ut for sal i dag klokka 10.00.
– Her gjeld det å vera det motsette av treig i avtrekkaren, nemleg rask i avtrekkaren kva vedkjem sikring av nettopp ditt festivalpass til Fres 2018, seier ein velformulert festivalsjef Gunnar Husabø i pressemeldinga.
