Gulen: – Her er det ei unik plassering. Det er kort veg til havet, samstundes som det er djupt vatn inne i ein beskytta fjord, sa dagleg leiar for Arise DRS, Eivind A. Wiik, då han presenterte planane til verksemda på karrieremessa i Sløvåg torsdag.

Arise DRS satsar på drift i Sløvåg frå neste haust
Arise Dynamic Rig Supply AS har fått dei naudsynte løyvene frå Miljødiorektoratet for kondemnering og resirkulering av gamle oljeriggar. Dagleg leiar er overbevist om at verksemda har ei stor framtid i Gulen.