SVERD: På Vatlestad fann arkeologane eit 90 centimeter langt einegga sverd, som truleg kjem frå ei mannsgrav frå tidleg vikingtid om lag 800 e.Kr. Bladet er bøygd og knekt på tre stader. Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune.
SVERD: På Vatlestad fann arkeologane eit 90 centimeter langt einegga sverd, som truleg kjem frå ei mannsgrav frå tidleg vikingtid om lag 800 e.Kr. Bladet er bøygd og knekt på tre stader. Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Arkeologiske registreringar gav fleire nye funn​

Sogn og Fjordane fylkeskommune gjennomførte arkeologiske registreringar i Øvstedalen i Sogndal hausten 2016. Det resulterte i fleire nye, arkeologiske funn.

Sogndal: I Fardal fann arkeologane omfattande førhistoriske dyrkingsspor. Den eldste jordbruksfasen der er datert til 1410-1224 f.Kr, som svarar til eldre bronsealder. Det ei av dei eldste jordbruksdateringane ein har frå Sogndal.

– Dyrkingsspora i Fardal syner at Øvstedalen har hatt gode føresetnader for tidleg førhistorisk jordbruk, fortel arkeolog Glenn Heine Orkelbog.

Sjeldan bygning

Lenger opp i dalen, på Hagen, fann arkeologane restar av ein rund 3x3 meter stor bygning, som består av seks rette stolpar kring ein sentral eldstad eller ei nedgraving. Desse bygningane er datert til 785-520 f.Kr. 

Artikkelen held fram under biletet.

SJELDAN BYGNING: På Hagen fann arkeologane restar av ein rund bygning frå yngre bronsealder. Bygningar av denne typen er sjeldne.
SJELDAN BYGNING: På Hagen fann arkeologane restar av ein rund bygning frå yngre bronsealder. Bygningar av denne typen er sjeldne.

Slike bygningar er sjeldne, og det finst fleire tolkingar av kva funksjon dei kan ha hatt.

– Bygningen har truleg ikkje vore nytta som bustad, men kan ha vore ein mindre driftsbygning knytt til eit større tun. Alternativt kan stolpane ha inngått som del av ein gravmarkering, der nedgravinga i midten er sjølve grava, seier Orkelbog.

Fann sverd på Vatlestad

På Vatlestad fann arkeologane eit 90 centimeter langt einegga sverd, som truleg kjem frå ei mannsgrav frå tidleg vikingtid om lag 800 e.Kr. Bladet er bøygd og knekt på tre stader.

Det var ein del av gravskikken, som kan ha hatt rituell symbolverdi, men òg har gjort det mindre attraktivt å plyndre grava.

Frå Øvstedalen kjenner ein til to jernvinneanlegg frå sein vikingtid og tidleg mellomalder. Anlegga syner at jernvinna har vore ein viktig tilleggsnæring i dalen i vikingtida. Vatlestadsverdet kan difor vere eit godt og kortreist lokalprodukt.

Til toppen