NY BARNEHAGE: Sogndal kommune skal bygga ny barnehage i Fosshagen, rett ved vegen som går opp til Fosshaugane. Biletet er henta frå ein moglegheitsstudie, og viser ikkje planane arkitektane i saka kritiserer.
NY BARNEHAGE: Sogndal kommune skal bygga ny barnehage i Fosshagen, rett ved vegen som går opp til Fosshaugane. Biletet er henta frå ein moglegheitsstudie, og viser ikkje planane arkitektane i saka kritiserer. (Foto: Rodeo arkitekter)

Arkitektar slaktar barnehageplanar i Sogndal – ber kommunen om å setta prosjektet på is

– Heilt amatørmessig, seier arkitekt Erling Haugen frå Sogndal. Han og to andre arkitektkontor er særs kritiske til at Sogndal kommune vil teikna den nye sentrumsbarnehagen sjølve, medan arkitektane berre skal «pynta» på resultatet.

Sogndal: – På ein skala frå ein til ti? Eg trur me er på ni.

Slik svarar arkitekten på spørsmål om kor oppgitt han er over måten Sogndal kommune har handtert prosessen rundt bygginga av den nye sentrumsbarnehagen i Fosshagen, som etter planen vera klar i 2019.

KRITISK: Arkitekt Erling Haugen frå Arkitektkontoret Erling Haugen er kritisk til at Sogndal kommune vil teikna den nye sentrumsbarnehagen sjølve. Foto: aeh.no

Erling Haugen representerer eitt av tre arkitektkontor frå Sogn, som alle har takka nei til å tilby kommunen «arkitektonisk rådgjeving» i samband med prosjekteringa av barnehagen.

Dei skulle altså vera konkurrentar, men dannar no i staden felles front.

Arkitektane er særs kritiske til at kommunen vil teikna bygget sjølve, medan dei berre blir inviterte til å føreslå forbetringar og pynta på fasadane.

– Det er heilt amatørmessig. For det første er det underleg at ein kommune set seg ned og prosjekterar og teiknar eit slikt bygg sjølve. Ingen av oss tre har opplevd noko slikt før. Me har vore borti mykje «løge», men dette tek nesten kaka, seier Haugen.

– For det andre har dei ikkje kompetanse til å gjera det, seier han.

Ber om førebels stopp

Dei to andre som vart inviterte til å gje eit tilbod er Arkitektfirma Jon Vikøren frå Vik og Arkitektkontoret 4B frå Sogndal.

I førre veke var alle tre på møte med kommunen for å prøva å komma til ei løysing. Det gjekk ikkje. I eit brev til kommunen kritiserer dei både prosessen og teikningane kommunen kan visa til så langt.

– Det som er lagt på bordet her, er ikkje noko Sogndal som vertskommune for HVL kan vera bekjent av, skriv dei, og legg til:

– Me vil på det sterkaste rå frå at dette eksperimentet vert gjennomført.

Heidi-Kathrin Osland frå Arkitektkontoret 4B er heller ikkje nådig.

SKEPTISK: Arkitekt Heidi-Kathrin Osland meiner ungane i Sogndal fortener ein skikkeleg barnehage.

– Dei er ute etter å spara pengar. Det må dei sjølvsagt få lov til, men eg som arkitekt er ikkje nøydd til å lika det, seier ho.

– Ønskjer at ungane skal få ein god barnehage

Ho minner om at kommunen og politikarane har lagt lista høgt og at det er store forventingar til kva som skal bli bygt. Det skal mellom anna verta ein
øvingsbarnehage for Høgskulen, eit samarbeid som har vekt nasjonal merksemd

Då meiner Osland at kommunen bør ta seg råd til å la fagfolk ta seg av jobben. Det ho har fått sett av teikningar til no, imponerer ho ikkje.

– På meg verkar det som dei ikkje heilt skjønnar kva dei driv med, seier Osland.

Ho seier at dei har nok å gjera, og at dei no ikkje «gret for si sjuke mor». Det dei ønskjer er at ungane i Sogndal skal få ein god barnehage, i tråd med ambisjonane som ligg til grunn.

– Slik kommunen har rigga prosessen til no, så er den ikkje god nok til å få til det. Eg meinar at det bør vera ein arkitekt som teiknar barnehagen, i tett samarbeid med Høgskulen og kommunen, seier Osland.

Rådmann Jostein Aanestad seier han ikkje har fått tid til å setta seg inn i brevet og kritikken frå arkitektane. Men han seier at dette ikkje skal få konsekvensar for framdrifta.

– Vi held fast ved framdriftsplanen våre om opning i august 2019, seier han.

Til toppen