I HUNDRE: Arna Husum fylte 100 år denne veka, men viser få teikn til at alderen hennar no er tresifra. Foto: Eivind M. Øren.
I HUNDRE: Arna Husum fylte 100 år denne veka, men viser få teikn til at alderen hennar no er tresifra. Foto: Eivind M. Øren.

Arna i hundre: – Ei bestemt dame

Det er ikkje mange som er så heldige at dei får leve i 100 år, men Arna Husum frå Lærdal viser få teikn på at alderen hennar nyleg er blitt tresifra.

Laurdag feira ho anledningen saman med familie og venner på alders- og sjukeheimen i Lærdal, og det venta også storfint besøk av ordføraren.

Sjølve dagen var allereie onsdag 22. oktober, men sidan Arna er den einaste i familien som enno bur i Lærdal vart sjølve markeringa flytta til helga slik barna og barnebarna fekk høve til å besøka ho.

Feiringa byrja likevel allereie tysdag då to nieser og dei av døtrene som hadde høve kom innom på kaffi og middag, og sidan det har det gått i eitt med besøk, blomar og middagar med yngre slekt fram til helga.

Om ho blir trøytt av all aktiviteten? Ikkje snakk om.

– Ho er ei veldig bestemt dame og har full kontroll. No har ho feira 5 dager til ende og er enno ikkje trøytt, så me er glade for at ho tek så lett på åra, seier dottera Astrid Færevik til Porten.no.

Mykje å dele

Barnebarna som har delteke på feiringa, er glade for høvet til å tilbringe meir tid med bestemora si. Ein av desse er Hilde Færevik, som seier til Porten.no at ho tykkjer det er spennande å høyre alle historiane ho har å dele frå det lange livet sitt.

– Ho hugsar alt, det er heilt utruleg! Det er spennande å høyre når ho fortel om barndommen sin i Lærdal, og historiane ho har frå opplevingane sine frå når tyskarane kom til bygda under andre verdskrig.

På telefonen sin har Hilde fleire bilete og videoar ho har tatt i helga av bestemora som sit i stova og fortel og viser bilete frå barndommen sin, og seier ho er stolt over å ha ei so sprek bestemor. 

To ordførarar ved samme bord

Det var ikkje berre slekt som fekk delta på markeringa ved alders- og sjukeheimen. Blant gjestane var det nemleg ikkje berre ein, men to ordførarar som kom for å hedre jubilanten.

Tidlegare ordførar i Lærdal Knut O. Aarethun har vore nabo med Arna i 45 år og var svært glad for å få invitasjon til selskapet.

I laupet av tida dei har budd ved sidan av kvarandre har dei aldri vore uvenner, og Aarethun seier til Porten.no at han er glad for å sjå at ho er så frisk.

– Me har hatt det mykje kjekt i lag, og det er fantastisk å sjå kor oppegåande ho enno er. Er ein så frisk når ein fyller 100 år, er det kanskje noko som er verdt å prøve, spøkar han.

Aarethun har vore ein stor del av livet til Arna. Ho bur enno stort sett heime, noko som er mykje grunna støtta ho får av Knut og kona hans og hjelpa dei tilbyr dersom ho ein sjeldan gong treng det.

Imponert Solheim

Noverande ordførar, Jan Geir Solheim, var òg med på markeringa. Han har ved fleire høve stoppa innom for å hylle dei i bygda som når så langt som til 100 år.

Ordføraren fortel til Porten.no at han er imponert over hundreåringen og nyttar moglegheita til å prøva å få slekta hennar tilbake til bygda.

– Det er overraskande at alle har flytta ut, ettersom dei seier at dei har gode minner frå oppveksten sin i bygda saman med mora, seier han med eit glimt i auget.

Han tykkjer likevel at det er kjekt å sjå at dei kjem att for å feire saman med Arna og har mora seg mykje med familien deira. 

– Me har prata mykje om bygda generelt, som brannen og felles kjente, og hatt konkurranse om Lærdalskunnskapar. Dei kan overraskande mykje, men Arna kan sjølvsagt mest.

– Det er stas å sjå at folk vert så gamle, men framleis er spreke og frampå. Ho snakka mykje trass i at ho slit med å høyra kva folk seier, deltek i aktivitetar på heimen og likar å lese bøker.

– I tillegg vil eg nemne at sjukeheimen stelte i stand eit flott selskap med svært god mat, og det har vore kjekt å bli kjent med Arna under så flotte omgjevnader. 

Til ei så sprek dame er det ikkje anna å seia enn gratulerer så mykje med 100 fylte år.

Til toppen