På dagen 70 år etter krigens slutt blei Arne Eldegard heidra med regjeringas minnemedalje for sin innsats under andre verdskrig. Eldegard er den einaste attlevande som deltok aktivt under krigen, i Årdal.
Fredag var og fleire andre samla i Russarbrakka i Saltviki på Årdalstangen. Det var ordførar Arild Ingar Lægreid som overrekte medaljen til Eldegard.
– Arne Eldegard var med i kampane i Valdres i 1940. Han vart teken til fange og sat i fangeleir på Hvalsmoen ei kort tid. Han har deltakarmedalje frå 1945 og vart i 2005 tildelt Kongens fortenestemedalje, sa Lægreid.
LES OGSÅ: Arne Eldegard fortel om livet i Årdal under krigen
Før overrekkinga tok Jonny Asperheim tilhøyrarane med gjennom krigens år i Årdal og knytte historier opp mot bilete han synte fram. Historiene hans blei supplert med sterke og inntrykksfulle forteljingar frå Eldegard sjølv og mellom anna Edmund Bugge Hæreid.
Artikkelen held fram under biletet.

– Eg vil seia tusen takk til alle saman og takk for den merksemda eg har fått, sa Eldegard.
Dette var ikkje det einaste stoppet til ordføraren i dag. Neste stopp var minnesmerket til Thorvald S. Lægreid. Han var ein av to årdøler som mista livet i krigshandlingar då skipet han var matros for blei torpedert 2. mars 1941.
I 1946 blei han tildelt krigsmedaljen post mortem, og 17. mai 1948 reiste bygdefolket denne minnestøtta som står der i dag.
Artikkelen held fram under biletet.

Til slutt blei det også vist respekt for dei 13 russiske og aust-europeiske fangane som mista livet medan dei var i Årdal. Desse vart gravlagde på kyrkjegarden ved Årdal kyrkje, og i 1951 blei reist eitt minnemerket over dei.