Årdal: Torsdag kveld samla kollegaene til Arne Moen seg for å markere at han var NorSun AS Årdal sin første pensjonist. At dette er fabrikken sin første pensjonist, gjer Arne historisk. Han seier sjølv at det er spesielt å vere førstemann som går av med pensjon for NorSun i Årdal.
– Eg har vore ansatt på NorSun i ni år, sidan fabrikken starta opp i Årdal. Å vere fyrstemann som går av som pensjonist, er jo litt spesielt. No har eg vore i arbeid i 46 år, då er på tide å gå av. No får ungdommen sleppe til vist dei vil jobbe.
Flott arbeidsplass
Tidlegare var Arne ansatt som på Hydro Aluminium i Årdal. Etter 38 år som elektrikar starta han på fabrikken til NorSun på Årdalstangen.

– Fabrikken har vore ein utruleg fin arbeidsplass, med eit flott arbeidsmiljø. Eg har eit nært forhold til dei andre på skiftet mitt, som er blitt "min andre familie." Det har vore tøft til tider med permiteringar, der arbeidskollegaer av meg har blitt permiterte. Eg har vore så heldig å ikkje blitt permitert.
– Tidlegare kollegaer har spørt meg om eg eigentleg trivest på NorSun, det finnast berre eit svar på det. No blir det hytta og fiske, noko som verkar som ein god plan for meg.
Vert ikkje Gløymt
Selskapet NorSun vart etablert i 2006, den fyrste produksjonen på Årdalstangen var i februar 2007. Fabrikksjef Steinar Talle fortel at fabrikken har 10-års jubileum neste år. Han legg til at Arne ikkje kjem til å bli gløymd.
– Arne er ein av dei som har vore med sidan produksjonen starta på NorSun. Han var mellom anna på opplæring i Finland før fabrikken var ferdig. Den første pensjonisten ville jo sjølvsagt komme, men sidan han var den fyrste trur eg at me vil hugse han.
Arne og Steinar har jobba saman på ÅSV som no har namnet Hydro Aluminium.
– Mange av dei ansatte har tidlegare jobba for Hydro Aluminium. Det gjer at fleire av dei har hatt eit langt arbeidsliv. Arne er hjerteleg velkommen til oss når han vil, som besøkande eller som arbeidar.