ORDFØRARKANDIDAT: Arne Glenn Flåten vart tysdag kveld valt til Sogndal Høgre sin ordførarkandidat til kommunevalet neste år.
ORDFØRARKANDIDAT: Arne Glenn Flåten vart tysdag kveld valt til Sogndal Høgre sin ordførarkandidat til kommunevalet neste år. (Foto: Arkiv)

Arne Glenn Flåten på topp for Balestrand og Sogndal Høgre

Tysdag kveld hadde Balestrand og Sogndal Høgre nominasjonsmøte på Leikanger.

Leikanger: Dei røysta fram Arne Glenn Flåten (H) frå Sogndal som førstekandidat for ordførar, kjem det fram av ei pressemelding. 

Flåten vart innstilt som Sogndal Høgre sin kandidat i november. Den gongen sa han følgjande til Porten.no, om kvifor han vart nominert: 

– Eg har markert meg som politikar i saker der eg har turt å setta ord på ting. Eg er ikkje redd for å seia meiningane mine, eller for å få kritikk. Kanskje er det dèt som gjer det.

Flåten sit i kommunestyret i Sogndal kommune.

Kvar kommune representert

Kvar av dei tre kommunane som skal danna nye Sogndal er representert på lista. 

På andreplass på lista ligg Solfrid Fossberg frå Leikanger, og på tredjeplass ligg Lars Trygve Sæle frå Balestrand. 

Fossberg er nestleiar i Foreningsstyret for Indre Sogn Høgre, samt leiar for Foreningsstyret Sogn og Fjordane Senior Høgre. Ho er òg varamedlem både for Fylkestinget og kommunestyret i Leikanger kommune. 

Sæle er nestleiar i Foreningsstyret i Balestrand Høgre sidan 2014 og gruppenestleiar i kommunestyret i Balestrand Høgre. 

Til toppen