MASSIV RESPONS: Nina Hunderi, Elise Neverland og Ingrid Nordbye-Antonsen i Årdal Hundeklubb hadde ikkje sett føre seg at så mange ville delta på det som blir historias første agilitystevne i regi av klubben. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
MASSIV RESPONS: Nina Hunderi, Elise Neverland og Ingrid Nordbye-Antonsen i Årdal Hundeklubb hadde ikkje sett føre seg at så mange ville delta på det som blir historias første agilitystevne i regi av klubben. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Arrangerer hundestevne for første gong – responsen har vore massiv

For første gong skal Årdal Hundeklubb arrangere agilitystevne andre helga i juli. At det kjem over hundre menneske til bygda den helga, hadde dei ikkje rekna med.

Årdal: – Me har jo kvidd oss litt for kor mange me trudde ville koma og håpte kanskje på hundre løp gjennom helga, men no blir det 300 løp per dag.

Nina Hunderi, Elise Neverdal og Ingrid Nordbye-Antonsen strålar om kapp med sola når dei fortel om den massive responsen agilitystevnet har fått.

Dette blir første gongen at Årdal Hundeklubb arrangerer eit slikt stevne, og bygda kan vente seg over hundre tilreisande tobeinte denne helga og endå fleire firbeinte. 

– Det er historisk, og det er litt ekstra kjekt for meg sidan det var eg og Nina Øyre som starta opp med agility i Årdal. At me har kome så langt på desse sju åra, er litt utruleg, seier Hunderi.

Takknemleg overfor bygda som stiller opp

Agility er ein konkurranseform der hund og eigar i samspel skal gjennom ei hinderløypa. Målet er å koma raskast gjennom løypa utan å rive ned hinder. Vanlegvis er det rundt 20 hinder hunden må gjennom.

– Agility er kjekt for både hund og eigar. Det byr på både fysisk og psykisk aktivitet hjå begge to, så det er berre pluss med denne sporten. Når ein først har byrja med det, så blir ein verkeleg beten av basillen. Ein kjem ikkje frå det, smiler Hunderi.

Med god hjelp frå det lokale næringslivet, idrettslaget på Årdalstangen og kommunen er det no blitt mogleg for hundeklubben i Årdal å arrangere eit slikt stevne for første gong. 

– Me må berre få takke alle som stiller opp. Me er utruleg stolte over bygda. Det har ikkje vore eit nei å få, og då blir jobben vår mykje lettare. Me har mellom anna fått pengar gjennom Gåveinstituttet til Indre Sogn Sparebank til å kjøpe hinder. Utan det, ville ikkje dette vore mogleg.

Gir «Frikjent» og flott natur skulda

Sjølve stevnet foregår på Tangen skule og Årdalstangen stadion. Sidan agility blir rekna som ein slags familiesport, vil det mest truleg koma rundt 120 tilreisande til bygda neste helg. At Årdal ligg så sentralt plassert i landet, trur dei er ei av årsakene.

– Kva trur de elles er årsaka til den gode responsen?

– Eg trur noko av årsaka er «Frikjent»-serien. I tillegg har jo me farta rundt heile landet på konkurransar og kjenner ein del folk i miljøet. Og så har ein naturen ikkje minst. Me har planlagt ein fellestur til Vetti for den som vil på fredag. Me skal gjera alt me kan for å visa fram bygda slik at dei kjem tilbake, svarar Hunderi.

No håpar ho og resten av hundeklubben at mange vil ta turen for å sjå på kva dei held på med når to og firbeinte skal få teste seg i hinderløyper på Årdalstangen.

Til toppen