NYTT KONSEPT: For første gong i bygdas historie skal Lærdal ha julemarknad. Foto: Privat.
NYTT KONSEPT: For første gong i bygdas historie skal Lærdal ha julemarknad. Foto: Privat.

Arrangerer julemarknad i gamle Lærdalsøyri

Insiprert av marknader ellers i Europa vert det i år arrangert ein offisiell julemarknad i gamle Lærdalsøyri.  

Rundt om i Europa vert det kvart år arrangert Julemarknader, nokre store og verdskjente, som i Dortmund, og andre mindre, men tradisjonsrike, som marknaden i Wien.

Foreninga Lærdalsmarknaden har no latt seg inspirere av desse konsepta og seier i ein pressemelding at dei, i samarbeid med Lærdal Husflidlag, vil arrangere bygdas fyrste Julemarknad.

– Med eit Lærdalsøyri pynta i juleskrud med juleverkstad for born, husflid, song og musikk vil me be inn til ei hyggeleg familiemarknad før julestria startar for alvor, seier Jon Tamnes fra Foreninga Lærdalsmarknaden.

Marknaden er sett til 22. og 23. November, og Foreninga har leigd inn belysning fra eit europeisk lysdekorasjonsfirma som skal brukast til å pynte bygningar og uteområde i gamle Lærdalsøyri. I tillegg til dette er det lagt opp til julemusikk, sal av julemat- og drikke, og bodar som sel diverse gåveartiklar. 

Søkjer selgjarar

Ettersom det er fyrste gong marknaden vert arrangert er lista av selgjarar enno ikkje ferdigstilt. Av same grunn tilbyr Foreninga Lærdalsmarknaden gratis salsplass for dei som er interresserte i å selgje varene sine, og dei som treng leige av bod eller plass til køyretøy for berre 200 kroner pluss moms. 

– Me ynskjer oss selgjarar som tilbyr produkt innan husflid, trearbeid, mat, og gåveartiklar, berre for å nemna noko. Folk skal kunne handle seg julegåver og julemat på Julemarknaden i Lærdal, seier Tamnes. 

Dersom ein er interressert i å delta som selgjar kan ein melde seg på på Lærdalsmarknaden si heimeside, eller ved å kontakte Foreninga på e-post adressa post@laerdalsmarknaden.no.

Til toppen