UTKLEDNING: Artige og nyetenkjande kostymer vert heidra med premie under skotårskarnevalet. Foto: Arkiv.
UTKLEDNING: Artige og nyetenkjande kostymer vert heidra med premie under skotårskarnevalet. Foto: Arkiv.

Arrangerer karneval for å markera skotåret

Måndag 29. februar skipar Lærdal Musikklag til karneval på Lærdalsøyri skule.

Alle er velkommen til feiring av skotåret med ein artig vri måndag om ei veke.

- Me inviterer alle sambygdingar, store og små, gamle og unge, til årets hending i storstova på Lærdalsøyri skule, skriv musikklaget i ei pressemelding.

Då er det berre å finne fram parykken og leite i skuffer og skåp etter klede frå førre århundre.

- Kanskje dukkar det opp ei maske og! skriv Lærdal Musikklag.

Premieutdeling og musikalske innslag

Det vert premiering av utkledde i ulike klassar.

- Sjølvsagt vert det og korpsmusikk med feiande rytmar, skriv dei.

Musikken står Flåm musikklag og Lærdal musikklag for.

Lærdal songkort deltek og, med spenstige songar.

Det vil bli sal av mat og drikke, utlodding av permiar på utkledd-nummer og på publikumsbillettar.

Karnevalet vert arrangert i storstova på Lærdalsøyri skule.
 

Til toppen