UT PÅ TUR: Søndag går Lærdalsløpet av stabelen. Her er det først og fremst det å få folk ut av døra som er viktigast, ikkje rekordar og førsteplassar. Foto: Jan Christian Jerving.
UT PÅ TUR: Søndag går Lærdalsløpet av stabelen. Her er det først og fremst det å få folk ut av døra som er viktigast, ikkje rekordar og førsteplassar. Foto: Jan Christian Jerving.

Arrangerer løp for å få folk ut

Søndag går det 34. Lærdalsløpet av stabelen. Her er det ikkje rekordar og pokalar som er målet, men helsegevinsten.

Lærdal: Det seier Anders Inge Hundere, som er leiar for løpet. I 34 år Lærdalsløpet blitt arrangert, og i år er ikkje noko unntak.

– Det er eit forholdsvis lite arrangement, der rundt 200-300 personar er med. Det handlar først og fremst om få folk ut. Det er helsegevinsten som har vore målet med Lærdalsløpet, ikkje rekordar og dei tinga der.

Hundere meiner ein har andre løp i Lærdal der dette er fokus, som Galdane Rundt og Storehaugen Opp. Sistnemnte er det under ein månad til startskotet går.

Ut av huset

Nei, søndag er det viktigaste å koma seg ut og gå, og då spelar det ingen rolle kor fort du går eller om du drar med deg barnevogna.

Artikkelen held fram under biletet.

MOSJON: På Lærdalsløpet kan ein fint ta med seg barnevogna, og det er heller ikkje noko problem å ta seg ein pause.
MOSJON: På Lærdalsløpet kan ein fint ta med seg barnevogna, og det er heller ikkje noko problem å ta seg ein pause.

– Me har også ei klasse som konkurrerer på tid. Dei startar 11.30, men det er ikkje noko profesjonelt, får eg vel seia sjølv om eg er leiar for løpet.

LUFTETUR: Ein kan til dømes nytte høvet til å lufte hunden.
LUFTETUR: Ein kan til dømes nytte høvet til å lufte hunden.

Noko premie blir det likevel, såkalla langtidspremiering. Det finst nemleg dei som har delteke på samtlege 34 løp. 

Vil gi tilbake

Sjølv har også Hundere vore ein aktiv mann i idretten og delteke på ulike løp. Det er litt av bakgrunnen for at han no ivrar etter å få folk ut av døra.

– Eg har nytt godt av arrangørar som aktiv sjølv, og no vil eg gi litt att, men eg er først og fremst med og arrangerer fordi eg har interesse for idrett og å få folk ut, seier han. 

– Me likar å snakka med folk og få dei ut, så me er nokre eldsjeler som driv på med ette. Me driv ikkje på for å få eit overskot, men brukar inntektene til å kjøpe premiar og slike ting.

Til toppen