NYTT: Det nye trimløpet «Tangen på Kanten» er som namnet seier eit løp på kanten av Tangen. Foto: Illutsrasjon. 
NYTT: Det nye trimløpet «Tangen på Kanten» er som namnet seier eit løp på kanten av Tangen. Foto: Illutsrasjon. 

Arrangerer trimløpet «Tangen på Kanten»

Under årets Fjord til Fjell blir Aosen Opp erstatta med eit nytt trimløp på Årdalstangen.

Årdal: Laurdag 11. juni vil Årdalstangen Idrettslag ski i lag med IL Jotun ski, arrangere det nye trimløpet på Tangen, Tangen på Kanten.

Dette løpet erstattar Aosen Opp som blir avvikla. 

– Me traff ikkje heilt med spikaren for folk i trimklassen med konseptet Aosen Opp. Det kan nok vera det var litt for spesielt å gå gjennom tunnelen for folk flest. Men tilbakemeldingane frå dei aktive var berre positiv, seier Terje Solheim som skal vera speaker under løpet.  

Rundtur på Årdalstangen

TRIMLØP: «Tangen på Kanten»​.
TRIMLØP: «Tangen på Kanten»​.

Trimløpet er som namnet seier eit løp på kanten av Tangen. Start ved rådhuset, deretter går løypa opp til vasskommen øvst på Hæreid, følger rasvollen over Hæreid og Cuba.

– Det er folkehelsa som ligg bak desse løpa og me ønskja å skapa noko liknande Vettisløpet for å få med flest mogleg til å vere aktive, seier Solheim.

Ned frå Storestein til Årdalsvatnet, over øvste brui til Steinknusaren. Deretter via rasvollen ved Vassbugen på utsida av Tippen til vasskommen øvst på toppen. Vidare følger løypa utsida av byggefeltet på rasvollen ved Geisdøla, via Gartneritomten og ned til Lægreidsvegen.

Under rundkøyring og ned til Røyrbrui. Siste etappe er opp mellom kyrkja og bedehuset, så rundt bankhjørna med oppløp over torget.

Løypa er ca 5,9 km. Er godt merka med raude piler og kan alt prøvespringast. Det blir arrangert minijogg for 11 år og yngre.

Saka held fram under bilete. 

ERSTATTA: Trimløpet «Tangen på Kanten» skal føregå under Fjord til Fjell og erstattar Aosen Opp. 
ERSTATTA: Trimløpet «Tangen på Kanten» skal føregå under Fjord til Fjell og erstattar Aosen Opp. 

– Det er skigruppa til Årdalstangen Idrettslag som har laga løypa i samarbeid med IL Jotun. Løypa går langs alle ytterkantane på Årdalstangen og rundt heile bygda. Me håpar at folk ønskjer å testa ut løypa før sjølve løpet. På toppen får deltakarane bollar og saft, så me håpar det skal vere med på å motivere folk, seier Solheim. 

Det vil bli servert bollar og saft ved «Kommen» øvst på Tippen til alle som kjem seg opp, uansett val av trasé.

Til toppen