Luster: – Me kom på idéen når me såg at dei på Lillestrøm hadde klart å arrengere ein drive-in konsert, då måtte me klare å få til noko her også, seier Marita Lovise Hammernes Joranger, initiativtakar for filmvisninga.
Onsdagskveld stod ho i bresjen for at den vesle grenda, Marifjøra, kunne møte opp på kaien for å sjå Burning 2 på storskjerm.
Les òg: Slik ser det ut i stova til ein skyttar i korona-karantene
God respons
Tiltaket til Hammernes Joranger fekk god respons i frå innbyggjarane, og dei tykte det var eit artig påfunn. Det møtte difor mange bilar opp for å sjå film.
– Det er rett og slett kjempekjekt at så mange møtte opp, seier Hammernes Joranger.
Vidare fortel ho at tanken bak var at ho hadde lyst å gjere noko som var kjekt både for ho, familien hennar, samt for naboane.
Gjentaking
På spørmsål om gjentakelse med ny filmframsyning i næraste framtid, legg ho ikkje skjul på at dette kan skje.
– Me har utstyr og alt liggande, så det er fort gjort å setje opp, seier Hammernes Joranger.
Avslutningsvis fortel initiativtakaren at alle bør bruke moglegheitene no i påska for å vere kreative i desse tider, då stort sett alle dagar er like.