STINN BRAKKE: Om lag 275 personar møtte opp under laurdagens stand-up show.
STINN BRAKKE: Om lag 275 personar møtte opp under laurdagens stand-up show. (Foto: Privat)

Arrangerte stand-up show: – Nesten stappfull sal

Om lag 275 personar møtte opp til stand-up show med Are Kalvø i Dalsøyra samfunnshus.

Gulen: Laurdag kveld sto Are Kalvø på scena med stand-up showet «hytteboka frå helvete». Det var gjengen i Utkant som arrangerte showet.

– Om lag 275 personar møtte opp, det var bort i mot heilt full sal. 275 personar er jo om lag 15 prosent av Gulen sitt innbyggjartal, så det er me nøgde med, seier festivalsjef for Utkant, Viggo Randal. 

Litt meir kultur enn den tradisjonelle trubaduren på lokalet

Randal kan melde om meget god stemning denne laurdagskvelden. Han tykkjer det er spesielt kjekt at Utkant kan stille med eit litt anna kulturtilbod enn den tradisjonelle trubaduren på lokalet i ny og ned. 

FRÅ VENSTRE: Are Kalvø og Viggo Randal. Foto: Privat

– Me i Utkant har jo blitt ganske flinke til å arrangere, så det er kjekt å kunne bruke den kunnskapen til litt meir enn kun tre dagar i året, når sjølve festivalen vert gjennomført, seier Randal. 

– Folk lo høgt og virka til å vere svært nøgde med kvelden. 

Randal fortel at det er eit par år sidan gjengen i Utkant arrangerte kveldar som dette, men håpar at dei ikkje ser vekk i frå at det kan bli meir kulturtilbod som dette i åra framover. 

Til toppen