Aurland: På onsdag, i strålande solskin arrangerte ABU Tinestafetten for første gong i skulens historie, og dét til strålande suksess.
I stafetten stilte det elevar frå 6.- til og med 10.klasse, og under løpet hadde alle laga elevar frå kvar klasse, med.
Dette var ikkje tilfeldig, seier rektor Ingrid Steine Bortne: – I motsejing til skulane på Austlandet, kor dei konkurrera hardt med toppa lag, ville me halde fokuset på at så mange som mogleg skulle få vera med, og ikkje minst at elevane skulle ha det kjekt.
Før stafetten offisielt starta hadde dei ei «0.runde» slik at elevar med ulike føresetnadar skulle få moglegheit til å delta i løpet.
– På skulen har me elevar med blant anna Downs syndrom og elevar som brukar rullestol, så me ville at dei skulle kunne ta like stor del i løpet som andre elevar, seier Bortne.
- Les også: Gründerspirer gjekk til topps på entreprenørskapsmessa
- Les også: Trekkspelet vart funne att på dynga: – Hadde nokk litt høg puls
Mindre press
Dagen verkar å ha vore ein stor suksess ifølgje rektor Bortne:
– Det var veldig kjekt! Det var mange elevar og lærarar som kledde seg ut.
– Mange av ungane fortalte at dei synes det var kjekt med blanda lag, og at det var mindre press til å gjere det bra. Det var veldig viktig for oss at det skulle vera så kjekt som mogleg, presiserar ho.
Stafetten, er som kvar anna stafett, der kvar av deltakarane løper ein runde før dei vekslar stafettpinnen vidare til nestemann, heilt til dei kjem i mål.
Tinestafetten vert arrangert landet over, og er ein tradisjon på mange skular med mål om å setja fokus på aktivitet blant elevar og unge.