FOR ALLE: Aurlandsmarknaden håpar å lokka publikum i aldersgruppa frå 0-100 år når dei inviterer til alkoholfri familiekveld opningsdagen.
FOR ALLE: Aurlandsmarknaden håpar å lokka publikum i aldersgruppa frå 0-100 år når dei inviterer til alkoholfri familiekveld opningsdagen.

Arrangørane innfører alkoholfri kveld: – Håpar det blir ein trend

– Det er mange som tykkjer det er på høg tid at ikkje alkoholen er i fokus, men det som skjer på scena, seier Torgeir Skjerdal i Aurlandsmarknaden.

Aurland: – Det er drastisk, me veit det, men eg trur at dette er ei sunn utvikling. Me håpar at dette kan bli ein suksess og at me kan setta ein trend, seier Torgeir Skjerdal i Aurlandsmarknaden.

Om ti dagar blir den tradisjonsrike marknaden arrangert for 22. gong. For nokre år sidan vart arrangementet utvida med ein ekstra fest fredagen, utan at det har slått skikkeleg til.

I fjor prøvde dei å appellera til ungdomen ved å booka inn blant anna Sandra Lyng. Heller ikkje det funka.

SATSAR HØGT: Torgeir Skjerdal (til høgre) seier dei tek ein sjanse med den alkoholfrie kvelden, men har tru på at det vil slå til. Her frå Jordeplerock. Foto: Jan Christian Jerving 

– For at me skal få behalda fredagen, så er me nøydde til å tenka heilt nytt, seier Skjerdal.

For alle aldrar

Etter å ha høyrt på tilbakemeldingar dukka idèen om ein familiekveld opp. Når både festen og ungdomsfrieriet hadde svikta, var det på tide å appellera til alle aldersgrupper. 

– Då me byrja å tenka litt etter, så fann me ut at alkohol og eit familiearrangement ikkje høyrer saman. Me vil òg ha det på eit tidspukt dei fleste kan vera med, seier Skjerdal, som trur kvelden skal vera ferdig omtrent samtidig med TV2-nyheitene.

På familiekvelden vil dei lokka med mat frå grillen, musikk frå Odd Nordstoga og humor frå den lokale revygruppa Dei Kvinnfolka. Skjerdal kallar det eit siste forsøk på å gje fredagen nytt liv:

Drastisk grep

Alternativet er å gå tilbake til kun å ha ein dag, noko han håpar ikkje skjer.

– Det er ikkje så mange arrangement her i Aurland om sommaren. Aurlandsmarknaden er den helga det skjer noko. Når me har fått til to dagar, så vil det vera synd å mista den eine, seier Skjerdal.

Han seier det drastiske grepet med å kutta ut alkoholen har blitt ein liten snakkis i bygda. Sjølv det sikkert er dei som blir skuffa, har tilbakemeldingane stort sett vore positive. 

– Det er mange som tykkjer det er på høg tid at ikkje alkoholen er i fokus, men det som skjer på scena, seier Skjerdal, og gjentek at det er ein trend han håper breier om seg.

Til toppen