KLART FOR MOTBAKKEFEST: Storehaugen Opp feirar ti år i år. Børghild Holien, leiar i arrangørklubben Lærdal IL, håpar på masse besøk på jubileumsløpet.
KLART FOR MOTBAKKEFEST: Storehaugen Opp feirar ti år i år. Børghild Holien, leiar i arrangørklubben Lærdal IL, håpar på masse besøk på jubileumsløpet. (Foto: Jan Christian Jerving)

Arrangørane håpar deltakarane vil strøyma til jubileumsløpet

Om knappe to veker er det klart for tiande utgåve av Storehaugen Opp i Lærdal.

Lærdal: – Påmeldingane tikkar inn og løypa smeltar fram, så no ligg alt til rette for motbakkefest i Lærdal, skriv arrangørane bak Storehaugen Opp i Lærdal, som vert arrangert for tiande gong 10. mai.

NESTEN SNØFRITT: Arrangørkomitèen var skeptiske til snømengdene, men vart positivt overraska på sonderingsturen sist helg. Foto: Jan Christian Jerving

Hit ventar dei at dei beste løparane i landet kjem for å måla krefter.

– Dei er tydelegvis nøgde når dei kjem att år etter år. Lokalt er det også bra oppslutning, seier Bjørghild Holien, leiar i friidrettsgruppa i Lærdal idrettslag, i ei pressemelding.

Fleire rekordar står for fall

Sidan starten i 2009 har Storehaugen, lia og toppen som ruvar vel 900 meter over Lærdal sentrum, vore ein magnet på O2-jagarar landet over.

Deltakartalet har variert frå litt over 300 til 434 rekordåret 2011. Kanskje er det lov å håpa på ny rekord i jubileumsåret?

– Me håpar alle som kan, vil koma. Me har plass til alle og alle får t-skjorte etter løpet, same farge og motiv som fyrste året, seier Holien, som trur vêret vil verta avgjerande for kor mange mosjonistar som let seg lokka med.

Eitt spenningsmoment er deltakartalet, eit anna er vinnartida:

Snøen i ferd med å forsvinna

I herreklassen er rekorden på 30 minuttar og 18 sekundar, sett av Stian Angermund-Vik frå Varegg IL i 2016.

 – Angermund-Vik skreiv ei gong at dette er eit av dei finaste løpa han er med på, han likar traseen, stemninga og Lærdal. Dette seier sitt, då han er europameister i motbakkeløp og deltek på svært mange løp i Noreg og utlandet, seier Holien.

Rekorden i kvinneklassa tilhøyrer Kirsten Marathon Melkevik frå IL Gular, som i 2013 sprang på 37 minuttar og 24 sekundar.

Kor gode tidene blir har mykje med føre og forhold å gjera. No byrjar det å sjå bra ut, fortel Holien: 

– Me har vore skeptiske på grunn av store snømengder på toppen, men siste veka har det smelta enormt. No håpar me siste rest reiser i løpet av dei neste par vekene. Det er tørre og fine forhold nesten heilt opp. Og fleire har tilbydd seg å spa om det blir nødvendig, seier Holien om testturen dei tok førre helg.

Til toppen