Politiet i Førde arresterte to personar i samband med ei grov narkotikasak på fredag. I dag blir ein tredje person framstilt for varetektsfengsling.
Politiet i Førde arresterte to personar i samband med ei grov narkotikasak på fredag. I dag blir ein tredje person framstilt for varetektsfengsling. (Foto: Arkiv)

Arresterte tre personar i grov narkotikasak

Fredag arresterte politiet i Førde to personar i ein bil og  beslagla eit større parti med narkotika.

Førde: Dei to personane vart avhøyrde og det førte til arrest av ein tredje person. Han blir framstilt for varetektsfengsling i dag.

– Me snakkar her om eit større parti narkotika. Dette er karakterisert som eit grovt narkotikabrotsverk, seier lensmann Dag Fiske til Firda.

På grunn av etterforskinga ynskjer han ikkje å gå nærare i detalj i denne saka.

Alle dei tre arresterte har tilknyting til Sogn og Fjordane.

Til toppen