ENKLARE: Finansminister Siv Jensen og NAF-direktør Stig Skjøstad er einige om at den nye ordninga for årsavgifta er bra for bileigarane. FOTO: Morten Abrahamsen / NTB tema
ENKLARE: Finansminister Siv Jensen og NAF-direktør Stig Skjøstad er einige om at den nye ordninga for årsavgifta er bra for bileigarane. FOTO: Morten Abrahamsen / NTB tema

Årsavgifta blir slått saman med bilforsikringa

Finansminister Siv Jensen er svært fornøgd med omlegginga av årsavgifta for køyretøy.

  • Endret

Årsavgifta for køyretøy har i ei årrekkje komme på ein giro i mars, no blir det slutt på det. Regjeringa og finansminister Siv Jensen lanserer ei større omlegging av innbetalinga. 

Sjølve omlegginga trer først i kraft frå 2018, men grunnen til at ho snakkar om det allereie no er at den skal følgje forsikringsavtalen til køyretøyet. For bilistar som betaler for eitt år om gongen, vil dette vise seg på rekninga frå 1. februar. 

– Vi har jobba med forsikringsselskapa, grundig og over tid. Dei har ønskt det velkommen, og har mykje meir fleksible moglegheiter enn det vi har. Årsavgifta skal følgje ansvarsforsikringa, som alle må ha.

Jensen seier det har vore brei politisk semje om dette sidan 2002, men at det ikkje har vore gjort noko med det før no. I omlegginga ligg det også nye element. Avgifta kan betalast månad for månad. Noko som gjer at folk som har ein bil dei berre brukar om sommaren, slepp å betale avgift for dei månadane den står i garasjen. Det vil også gjere at ein slepp å betale for heile året dersom ein sel ein bil midt i.

NAF fornøgd

– Det er viktig og riktig. Vi har kjempa for dette lenge. Det gjer det enklare for bileigarane. Dei slepp å få ein eller fleire store enkeltrekningar éin gong i året, seier Stig Skjøstad, administrerande direktør i NAF.

Han ønskjer at mest mogleg av avgiftslegginga blir flytta over til bruken, og ønskjer vegprising.

– Slik at folk som bur i distrikta, som er heilt avhengig av bil, betalar mindre, mens det kan vere mykje dyrare der det er andre alternative transportmetodar, som i og rundt byar, seier Skjøstad.

Artikkelen held fram under biletet.

MÅ FRAMLEIS BETALAST: Sjølv om ordninga opnar for at ein kan sleppe å betale dersom bilen ikkje er i bruk, ryk skilta dersom køyretøyet blir brukt utan at årsavgifta er betalt.
MÅ FRAMLEIS BETALAST: Sjølv om ordninga opnar for at ein kan sleppe å betale dersom bilen ikkje er i bruk, ryk skilta dersom køyretøyet blir brukt utan at årsavgifta er betalt.

– Dette ligg i grenseland mellom Samferdselsdepartementet og Finansdepartementet. Men det har ikkje vore noko vi har tatt opp, førebels. Vi har tatt ein ting om gongen, svarar finansministeren.

Skjøstad lovar at dei skal følgje med slik at det i den nye prosessen ikkje snik seg inn nye gebyr og andre utgifter som vil gå ut over bileigarane.

I tillegg blir avgifta redusert med 12 prosent for bensinbilar og dieselbilar med fabrikkmontert partikkelfilter. Det skal ifølgje regjeringa gjere at avgifta no er på same nivå som i 2005 dersom ein justerer for prisstiginga.

Nokre kroner per bil

– Dette er ei gladnyheit. Det er ein historisk reduksjon, årsavgifta har jo fram til no berre gått opp, opp, opp. Det har aldri tidlegare skjedd at den har gått ned, seier Siv Jensen blant bilar på EU-kontroll i verkstadhallen på NAF-senteret ved Hasle i Oslo.

Jensen seier dette inneber 1,2 milliardar kroner i reine lettar.

VIKTIG GREP: Tom Staavi, informasjonsdirektør i Finans Norge, meiner det er viktig at finansbransjen er med på å gjere livet enklare for bileigarane.
VIKTIG GREP: Tom Staavi, informasjonsdirektør i Finans Norge, meiner det er viktig at finansbransjen er med på å gjere livet enklare for bileigarane.

Finansdepartementet meiner at kostnadane til forsikringsselskapa ved innføringa av det nye systemet vil kunne variere, men er estimert til nokre få kroner per bil. Årsavgifta vil bli bakt inn i prisen på forsikringa og skal på den måten bli ein del av priskonkurransen i forsikringsmarknaden. 

Tom Staavi, informasjonsdirektør i Finans Norge som er hovudorganisasjon for finansnæringa i Norge, blant anna forsikringssektoren, seier kostnaden ligg hos forsikringsselskapa.

– Departementet inviterte forsikringsbransjen til å legge årsavgifta over på forsikringsrekningen. Forsikringsselskapa har tatt kostnaden ved implementeringa i systemet, seier Staavi.

Skal hente inn utgiftene

Han seier i tillegg at dette nok vart noko dyrare enn først antatt, men at det er ei stor oppside i det nye systemet. 

– Ved å slå dei to systema saman håpar forsikringsbransjen at dei kan fjerne dei 100.000 køyretøya på norske vegar som køyrer utan forsikring, som ofte gir store ekstrakostnadar for bransjen når dei er involverte i ei ulykke.

Staavi trur dei kan hente inn mykje av dei nye utgiftene her.

– Å få bilforsikringa og årsavgifta inn i eitt løp, er samfunnsinnsparande og gjer livet enklare for bileigarane, seier Staavi.

Til toppen