TIL KYSTBYEN: Tidlegare Jotun-spelar Heida Arsenault har signert kontrakt for 3. divisjon damer i Florø SK handball. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes
TIL KYSTBYEN: Tidlegare Jotun-spelar Heida Arsenault har signert kontrakt for 3. divisjon damer i Florø SK handball. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes

Arsenault har signert kontrakt med Florø 

Den tidlegare Jotun-spelaren Heida Arsenault skal spela for det nyopprykka Florø-laget frå neste sesong. 

Arsenault har spelt for Jotuns damelag i Årdal sidan 2006. Etter sist sesong rykte laget ned i 3. divisjon. No har den tidlegare storscoraren for Jotun signert Florø SK handball sitt damelag i 3. divisjon.

Sist fredag meldte Porten.no at også den tidlegare Jotun-spelaren Lene Kvam Høsøien blir spelande hovudtrenar for Florø-laget. 

Les også: Jotun vert motstandar

– Ein tung sesong

Arsenault fortel at ho og Kvam Høsøien begge var einige om at dei ikkje var klare for ein ny sesong med Jotun, då den siste sesongen med laget har vore tung. Det gjorde av vennene var klar for å vurdere andre alternativ. Arsenault fortel at ho ikkje hadde hadde gått over til Florø om ho var åleine, men at det er godt å vera to. 

Arsenault signerte kontrakta med Florø SK handball laurdag. Det var første møtet hennar med klubben i kystbyen. 

– Det var ikkje enkelt å skrive under kontrakta med Florø. Eg signerte med ei skjelvande hand og med tårer i augene. Jotun har alltid vore laget mitt, og det er ikkje berre berre å byte klubb, fortel Arsenault.  

– Blir spennade

– Korleis ser du på komande sesong for Florø?

– Etter møtet med jentene, styret og støtteapparatet rundt ser eg lyst på sesongen og eg trur det blir spennande. Eg er jo ikkje 17 år lenger og har ikkje framtida føre meg som handballspelar. Då sjansen kom, beslutta eg at det var på tide å prøve noko nytt, fortel Arsenault. 

Ho flyttar ikkje frå Årdal, men skal pendle i lag med Kvam Høsøien til Florø komande sesong. 

Børre Øvstetun, styremedlem i Jotun handball, avvisar at det er snakk om spelarflukt frå Jotun sitt damelag i 3. divisjon, då både Arsenault og Kvam Høsøien sine kontraktperiodar er ute. 

Til toppen