Arve Helle
Arve Helle (Foto: Arbeiderpartiet / Flickr)

MEININGAR

Arve Helle om samanslåinga: «Nei, alt var ikkje betre før»

Debatten om fylkesamanslåinga held fram.

Normalt er eg varsam med å gå i debatt med ein historikar. Med kun eit simpelt samfunnsfag frå den gamle distriktshøgskulen i Sogndal å slå i bordet med, så føler eg meg på utrygg grunn i slike samanhengar.

Då eg på tampen av fjoråret las Gaute Losnegård si oppramsing i Firda om alt som vi har mista med Sogn og Fjordane, kjenner eg meg likevel kompetent nok til å ta til motmæle. Innlegget bar nemleg vel så mykje preg av å vere skrive av ein farga politikar som ein objektiv historikar. 

For meg handlar difor framtida om å utvikle Vestland, ikkje avvikle det.

Arve Helle

Essensen i innlegget var kort og godt at absolutt alt var mykje betre før. At veldig mykje var bra med gamle Sogn og Fjordane er eg heilt einig i, men det er ikkje dermed sagt at framtidas himmel ville vore skyfri berre vi hadde opprettheldt fylket slik vi kjende det. Folketalsutviklinga kan vi med all respekt å melde ikkje skryte på oss at vi har lukkast med.

 Den borgarlege regjeringa har gjort endringar i inntektssystemet som gjer at vi grunna manglande folketalsutvikling vil få store utfordringar om ein reverserer Vestland slik Losnegård tek til orde for. Likeins er det også eit faktum at fylkeskommunen gav bort det aller meste av kraftpengane til kommunane som si siste handling. Det er vel ingen som i fullt alvor som trur at kommunane vil gje dei tilbake igjen. Ei reversering ville med andre ord gjort oss mykje fattigare enn tidlegare. Dette er pengane som vi mellom anna skal bruke på rassikring og skulane våre.

IKKJE BETRE: Alt var ikkje betre før, skriv Atle Helle. Foto: Annebel

Ein anna ting som er verdt å kommentere er Losnegård sine historiske betraktningar om korleis lokaliseringsdiskusjonane nærmast har vore harmoniske mellom Nordfjord, Sunnfjord og Sogn.

Det er vel i beste fall ein ganske omtrentleg versjon av historia til fylket.

Det er nok til dømes få i Florø vil vedkjenne seg ei fortelling om at dei så og seie frivillig har bidrege til at Førde og Leikanger/Sogndal har fått stort sett alt av fylkeskommunen sine administrative arbeidsplassar og andre offentlege funksjonar. Ved ei reversering ser eg ikkje bort ifrå at denne kampen hadde blomstra opp igjen for fullt.

VESTLAND: Arve Helle vil heller sjå på framtida saman med Vestland. Foto: Privat

Losnegård avlegg også sjukehussektoren ein visitt. At det er svakheiter med føretaksreforma kan eg vere med på, men å framstille det som at også det var mykje betre før er etter mi meining ei grov forenkling. Fakta er vel at det var først når ein mista sjukehusa at fylkeskommunen var i stand til å satse skikkeleg på dei vidaregåande skulane.

Tida etter sjukehusreforma vart ein gullalder for skulane våre der dei i tur og orden vart opprusta og vi i dag kan vise fram flotte skulebygg – gjerne samlokalisert med viktige kulturelle institusjonar som vi ser gode døme på både i Sogndal, på Eid og Sandane. Det er det god grunn til å vere stolte av. Det er i alle fall eg! Men det er ikkje sikkert at skuletilbodet vårt vil bli betre om det skulle bli ein fleirårig skilsmisseprosess i fylkeskommunen. Kanskje snarare tvert imot.

Eg trur ikkje nødvendigvis alle endringar har vore til det positive. Eg trur ikkje at Vestland Fylkeskommune vil løyse alle våre framtidige utfordringar sånn utan vidare, men det vil nok heller ikkje Sogn og Fjordane Fylkeskommune gjere. Eg syns biletet er langt meir nyansert enn det historikaren/SV-politikaren Gaute Losnegård framstiller det.

For meg handlar difor framtida om å utvikle Vestland, ikkje avvikle det.

Til toppen