NY REDAKTØR: Arve Uglum går frå NRK til Sogn Avis.
NY REDAKTØR: Arve Uglum går frå NRK til Sogn Avis. (Foto: Arkiv)

Arve Uglum er tilsett som ny redaktør i Sogn Avis

Det har vore ein lang søknadsprosess, men styret i Sogn Avis har konkludert med at Uglum er den beste kandidaten til å leia Sogn Avis vidare, både som redaktør og dagleg leiar.

Sogndal/Leikanger: Det skriv Sogn Avis.

– Det er suverent den mest spennande mediejobben i området eg held til, og den er sjeldan ledig, so eg var nøydd å vurdere stillinga, seier den nytilsette redaktøren til avisa. 

Arve Uglum kjem frå jobb i NRK, og har dei siste åra vore programleiar i "Der ingen skulle tru at nokon kunne bu" på kanalen. 

Skuffa konstituert redaktør 

Eli Grotle har vore konstituert redaktør i Sogn Avis etter at tidlegare redaktør, Jan Inge Fardal, slutta i jobben.

Ho seier til avisa at ho var ein av søkjarane til den faste redaktørstillinga, og legg ikkje skjul på at ho er skuffa.

– Med bakgrunn i den utviklinga og dei resultata Sogn Avis har hatt etter overgangen til Amedia, hadde eg både tru og håp om at eg skulle få halda fram.

Til toppen