KRINGKASTINGSPRISEN: Arve Uglum.
KRINGKASTINGSPRISEN: Arve Uglum. (Foto: Geir Bjarte Hjetland/NRK)

Arve Uglum har fått Kringkastingsprisen

Journalist og redaktør Arve Uglum har i dag fått Kringkastingsprisen 2020. Han får prisen for arbeidet med tv-serien Der som ingen kunne tru at nokon kunne bu.

Sogndal: – Ingenting er meir innlysande enn å gje Kringkastingsprisen til programleiaren for «Der som ingen kunne tru». Det er så sjølvsagt at ein eigentleg burde unngå det, men det er ikkje mogleg. Det ikkje råd å lata innsatsen for å gjera nynorsk og dialekt til det mest naturlege i verda gå upåakta hen, står det i grunngjevinga.

I pressemeldinga står det at det er Kringkastingsringen som deler ut prisen, og går til nokon som nyttar nynorsk eller dialekt i radio og fjernsyn. Prisen har blitt delt ut sidan 1978 og i fjor var det Ronny Brede Aase som fekk heideren.

– Tusen takk for prisen

Utdelinga fann stad i redaksjonen til Sogn Avis, der Arve Uglum no er redaktør. Dagleg leiar i Kringkastingsringen, Kjartan Helleve, overrekte blomar og eit trykk av Hanne Borchgrevink.

– Om du har ei god forteljing, så treng du ikkje å dra på. Det held å bruka forteljinga sine eigne premiss. Du kan vera nedpå og du treng ikkje bruka eit veldig blomstrande språk. Det lærde eg i Firda, tok det med meg i åra i NRK og prøver å leva etter det her i Sogn Avis. Men dette er ikkje berre min metode, eg trur det er ein sognamåte. Tusen takk for prisen, sa Arve Uglum i takketala.

Det er styret i Kringkastingsringen som er jury for prisen.

Til toppen