GLAD DÅ HAN FEKK BILETET: «Biletet vart endå finare enn eg trudde. Eg hadde fått føre meg at fotografen berre hadde fanga kongen og meg, og eg vart so glad då eg såg at begge dronningadn òg kom med» fortel Arvid i Osadn. Kona til Arvid, Inger Øren, har engasjert seg for bygda alle desse åra ho òg, ikkje minst i frivilligsentralen i Årdal og i besøkstenesta.
GLAD DÅ HAN FEKK BILETET: «Biletet vart endå finare enn eg trudde. Eg hadde fått føre meg at fotografen berre hadde fanga kongen og meg, og eg vart so glad då eg såg at begge dronningadn òg kom med» fortel Arvid i Osadn. Kona til Arvid, Inger Øren, har engasjert seg for bygda alle desse åra ho òg, ikkje minst i frivilligsentralen i Årdal og i besøkstenesta. ( Synne Asheim Haga)

Arvid i Osadn fortel om då han nyss sat til bords med kongen og åt kanapéar og drakk vin

Arvid Gulleik Øren var ein av femti kvinner og menn som kom saman på slottet i samband med at dei hadde fått kongens fortenestemedalje. Øren kom på småbord med kongen under bordsetet.

Arvid Gulleik Øren (Arvid i Osadn)

Fødd 1931. Har levt heile livet i Årdal. 
Gift med Inger Øren, som òg har vore eit rivjarn innan friviljug arbeid i Årdal. Sumtid i tospann med Arvid, sumtid har dei jobba kvar for seg. 
Han gjekk på Årdal verk, seinare Årdal aluminium, frå 1948, året etter at verket opna, og til han vart pensjonist.

Aktiv i Farnes Ungdomslag i 65 år. 
Han tek hovedansvaret for laget sin basar kvart år, og bidreg slik til heilt naudsynte innkomer for laget.
I fleire tiår ansvarleg for utvendig og innvendig vedlikehald av huset, og for utleige av huset på vegne av laget. 
Leier dugnaden haust og vår når ting skal utførast i og omkring huset.
Han styrer basarkveldande for Farnes ungdomslag, Øvre Årdal Helselag, IL Jotun, og Revmatikarlaget.
I tretti år leia han òg arbeidet med bingokveldane for Farnes ungdomslag og IL Jotun.

Leiar for teatergruppa i Årdal frå 1977-1980, og frå 1981-2000.
Han har engasjert seg som instruktør for ungdom som vil spela teater. Etter at han pensjonerte seg har han undervist elevar som har valt teater som valfag i skulen.
Teater har vore hans store lidenskap i livet, og han har vore med som regissør og skodespelar i mengdevis med teateroppsetjingar i ungdomslaget.

Melde seg til teneste for Frivilligsentralen, etter at denne vart skipa i 2000.
I tillegg til ymse ulikt arbeid for sentralen, vart han også ei viktig brikke i besøkstenesta, som han sjølv kallar for eit hjartebarn. Han har vore ein flittig gjest i husa åt mange eldre og vanskelegstilte, og det held han og kona Inger fram med den dag i dag.
Det var Bjørn Årebru og Bjørn Lindland, (bjødnadn, som Øren seier) som fyrst oppmoda kongen om å gjeva fortenenestemedalje til Arvid i Osadn. Dei fortel at mange eldre har kunne halda fram med å bu i eige husvære lenger enn dei elles ville greidd, takka vere hjelpa frå Arvid i Osadn.  
Frå 2005 til 2015 arrangerte sentralen «dialekt- og stadnamnkafe», og her auste han av kunnskapen sin om dialektord og stadnamn. 
«Bjødnadn» seier Øren har stilt med bilen sin når drosja i bygda ikkje er ledig, køyrt folk til sjukehuset, og supplert kommunen si heimeteneste. 

Han har vore fast bidragsytar i bladet Jol i Sogn, engasjert seg i songlaget og i skistyret, og bidrege i historiebladet «Før og no».

Han er framleis aktiv i eit omfattande friviljugt uløna arbeid i lag og organisasjonar i kommunen.

HOFFOTOGRAF PÅ PLASS I FESTSALEN: Då Arvid Gulleik- og Inger Øren helsa på kongeparet i festsalen, vart dette biletet teke.   Bilde: Synne Asheim Haga

Årdal: – Eg har hatt eit rikt liv, men størst av alt har det vore å koma på gjesting på slottet, seier Arvid Gulleik Øren, på folkemunne kalla Arvid i Osadn

På sjølvaste 17. mai i år heldt barnebarnet Miriam tale for bestefaren sin. Brått ropa ho ut at ho ville gje ordet til ordføraren. Øren trudde einkvan skulle spela ordføraren i eit skodespel. Han vart ikkje lite forundra då Arild Ingar Lægreid brått stod framom han og overrekte han diplom og medalje frå kongen.

No har han nyss vore på slottet og takka for medaljen. 

Steig inn på slottet og fekk sjå fuglerommet

– Me var 50 prisvinnarar som vart tekne i mot av kongen, fortel Øren. 

Då dei hadde trett inn på slottet, vart dei tekne i mot av ein befal og synt opp på balkongen der kongefamilien vinkar til folket den syttande mai.

– So vart me geleida inn i eit rom som vert kalla for fuglerommet. Det var fuglemåleri på veggene og mange forskjellige fugleartar var å få augo på der, fortel Øren. 

Slottsomvisinga gjekk so vidare inn i spegelsalen:

– Det var ho dronning Maud som hadde fått installert dei speglane og det var for å gje eit inntrykk av at rommet er endå større enn det er, fortel Øren.

– Og det var fine rokokkomøblar der, frå tida hennar dronning Maud. 

Før dei kom heilt inn til hallen der bordsetet var, gjekk dei gjennom den store festsalen. Og her inne stod kongen og dronninga og venta på heiderskvinnene- og mennene, og helsa på alle med hoffotograf til stades. Dei takka Arvid i Osadn for innsatsen han har lagt ned for lokalsamfunnet sitt. 

Kom på kongens bord då dei skulle eta kanapéar og drikka vin

Ved bordsetet heldt kongen ein tale der han rosa pristakarane. Det var skrive inn bordplasseringar til bordsetninga på førehand og Øren kom på bord med kongen.

Me var fire karar og fire damer som fekk sitja på bordet hjå kongen. Dei andre kring bordet var svære folk som hadde gjort ein masse, fortel Øren. 

Øren hamna faktisk like andsynes Harald V. Og kongen var nyfiken på kva slags heidersfolk han sat i hop med. Han spurte alle bordkavalerane kva dei heitte, kvar dei var frå i landet og kva dei hadde gjort.

DAGEN DÅ DEI KOM PÅ SLOTTET: Inger- og Arvid Gulleik Øren, dagen då dei kom på slottet og vart heidra av kongeparet. 

– Hadde eg berre visst at eg skulle hamna på småbord med kongen, so skulle eg ha lært meg ei regle på førehand, seier Øren. 

Før det vart hans tur til å mæla, høyrde han dei andre fortelja ein etter ein om alt stort dei hadde utretta.

– Ville gøyma meg under bordet 

– Eg tykte eg hadde gjort mindre og mindre for kvar ein som fortalde om bragdene sine og eg hadde lyst til å smetta under bordet og gøyma meg der, fortel Øren. 

Like attmed Øren, til dømes, sat ein kraftkar frå Porsgrunn i rullestol:

– Han hadde vore med i to olympiadar og teke del i tre ulike kastøvingar. Han hadde slik svær og kraftig nakke og hals. Han hadde so sterke skuldrer og so sterkt handtrykk. Det var ein skikkeleg labb eg kjende då eg tok han i handa. Han var ein slik røseleg kraftkar at du vil ikkje tru det, fortel Øren. 

Dei andre fortalde etter tur om korleis dei hadde oppdaga banebrytande medisinar, hjelpt rusavhenige, dirigert kor og orkester gjennom førti år, og meir til. Den eine fortalde meir imponerande stykke enn hin. 

– Eit par minutt var eg veldig nervøs og lurte fælt på kva eg skulle seia, fortel Øren.

Då det var hans tur til å snakka kjende han seg fyrst litt i villreie. 

– Men so gjekk eg i gong med å fortelja at eg har vore formann i skigruppa, ungdomslaget og idrettslaget, seier Øren.

So sa han at han i samband med lagsarbeidet hadde arrangert bingoar og basarar, «for utan inntekter vert det smått med lagsarbeid». 

– Kongen smilte og lo venleg då, og eg merka at han gav meg medhald. Han visste godt at sjølv det friviljuge lagsarbeidet lyt få inn pengar. Og eg merka at kongen var lun og humoristisk. Og han var so kunnskapsrik og orientert. Same kva me fortalde at me hadde utretta for noko, so hadde han ein fin kommentar på lur, fortel Øren. 

Edle dropar, utleita konfekt, og flott, levande musikk

– Det var kanapéar og vin på bordet. Etter ei stund kom det kaffi og konfekt òg, fortel Øren.

Kanapeane var veldig små, men so var dei veldig gode òg, og dei kom i ymse variantar. Konfekten dei fekk var den flottaste handlaga konfekt, og skikkeleg god. 

– Og ikkje før me hadde drukke mesta av vinen i glaset, slo kelnarane i meir. Eg sa til naboen min at «me lyt passa oss, elles dett me under bordet». Og alle var varsame. Me ville jo te oss fint kring kongens bord, fortel Øren. 

Medan dei sat der i godt lag, kom det studentar frå Baratt Due musikkinstitutt i hallen. Dei var ungdomar på femten, seksten og sytten år og dei spela klassiske stykke feiande flott. 

Kongen i godt driv då han fekk lytta til jakthistorier

Halvannan time sat Øren til bords med kongen. Sjølv om han sat like overfor Harald V, prata han mest med karen frå Porsgrunn attmed seg. Kongen, på si side, lytta med til det kvinnene attmed han hadde å fortelja og det var lett å sjå kor han kosa seg.

– Især var han veldig interessert i å høyra meir om det ho frå Trøndelag hadde drive med og lytta so lydhøyrt som det er mogleg å gjera. Ho hadde arrangert jakt- og hundekøyringsaktivitetar for ungdom. Og kongen sjølv er jo so glad i både jakt og fiske. Han kjem til Lærdal og jaktar og fiskar kvart år. 

Då slottsstunda var kome til endes, var Øren glad og tykte det hadde gått bra alt saman. 

– Eg er veldig kry som har fått sitja med kongen, seier Øren, og legg til: 

– Eg fekk meirsmak. Om det vert ei omvisning på slottet seinare, so kunne eg tenkja meg å melda meg på.

Til toppen