UTSETT: Etter å ha tatt sin første siger for sesongen laurdag, må Marita Hestetun og Jotun/ÅTIL vente til neste helg før dei skal i aksjon att. Kampen mot Åsane er utsett til april. Foto: Kaja Nygård.

Åsane-kampen er utsett

Slik blir vårsesongen for Jotun/ÅTIL. 

Årdal: Etter å ha tatt sin første siger på over eit år i helga, må Jotun/ÅTIL vente endå litt lenger før dei skal i aksjon att.

Eigentleg skulle handballdamene møta Åsane komande helg, men denne kampen er utsett. 

Difor blir neste kamp borte mot Dale den siste helga i januar. Slik oppsettet ser ut no, blir det deretter ein knapp månad til neste kamp igjen. Då skal dei møte Fyllingen 2 27. februar.

Sesongen vert avslutta med ei veka tettpakka av kampar i april. 

Slik er det førebelse kampoppsettet for våren

Dato Kamp
30. januar Dale – Jotun/ÅTIL
27. februar Jotun/ÅTIL – Fyllingen 2
5. mars Florø – Jotun/ÅTIL
12. mars Jotun/ÅTIL – NHHI
3. april Jotun/ÅTIL – Gloppen
7. april Jotun/ÅTIL – Åsane
9. april BSI – Jotun/ÅTIL
10. april Sotra 2 – Jotun

Til toppen