KAN GÅ TIL OBOS: Kontraktslause Jonas Hestetun frå Årdal spelar no for plass i Åsane. Det same gjer lærdølen Eirik Rode. Foto: Kent Roar Nybø/Fanaposten/Truls Sylvarnes 
KAN GÅ TIL OBOS: Kontraktslause Jonas Hestetun frå Årdal spelar no for plass i Åsane. Det same gjer lærdølen Eirik Rode. Foto: Kent Roar Nybø/Fanaposten/Truls Sylvarnes 

Åsane snuser på to spelarar frå Sogn

Både årdøl Jonas Hestetun og lærdøl Eirik Rode er på prøvespel for førstedivisjonsklubben.

– Det er eit lite nivå opp, så det er kjekt, seier Jonas Hestetun om treningsopphaldet.

Denne sesongen har midtbanespelaren vore kaptein for andredivisjonslaget Fana. Med seks fulltreffarar var han den nest mest målfarlege spelaren i klubben. Bergenslaget spelte forøvrig i same avdeling som Florø og berga plassen i siste serierunde. 

– Akkurat no så er eg bosmanspelar og står utan kontrakt, seier Hestetun.

Les også: Her er Sarr-erstattaren på plass i Sogndal

– Har lagt merke til kvalitetane deira

No har han ut månaden til å bevise at han har noko å gjere på nivået over. Om det ikkje skulle slå til, er han open for å bli verande i Fana.

– Det er absolutt ikkje uaktuelt, men eg føler at eg har lyst på ei større utfordring. Sjølv om eg trivst veldig godt i Fana har lyst til å prøva meg eit hakk opp og sjå om eg kan takla det òg, seier han. 

Les også: Kapteinen: – Me kjempa oss tilbake 

Trond Bjørndal, sportsleg leiar i Åsane, stadfester at dei to sogningane trenar med klubben. Kor nære dei er å signere vil han ikkje seie noko om no. Klubben har enno ikkje teke stilling til om hovudtrenar Kjetil Knutsen skal få styre skuta òg til neste sesong. I tillegg har dei mange spelarar på utgåande kontrakt som dei må få avklart situasjonen til.

– For oss er det først og fremst viktig at dei blir kjent med miljet vårt. Så får vi gje dei ei tilbakemelding når vi veit korleis det går med dei andre prosessane. Men dei er inviterte fordi vi har lagt merke til kvalitetane deira, seier han.

– Hadde vore fantastisk å spela med Eirik

Åsane har uansett mista spelarar dei treng å erstatte. Eitt eksempel er midtbanespelar Vegard Leikvoll Moberg, som gjekk til Sogndal midt i sesongen. Klubben har for tida heller ikkje noko skikkeleg alternativ på venstrebacken.

Hestetun hadde likt om både han og Eirik Rode hadde fått sjansen, sjølv om det nok ikkje er det mest realistiske alternativet.

– Eg kjenner han Eirik frå før, så det hadde vore heilt fantastisk. Men vi får sjå, eg veit ikkje kor aktuelt det er, seier Hestetun. 

Til toppen