Årdal: – Det er opp til 30 minutt ventetid, så om ein skal rekke ferja må ein plusse på ein ekstra halvtime i forhold til normalt, seier Hanne Nordheim ved vegtrafikksentralen.
Porten sin journalist på staden opplyser om at dei førebels har lagt ei fil.
– Det er manuell dirigering og følgje med ledebil.
Asfalteringa byrja førre veke og skal etter planen vera ferdig på onsdag.
– Arbeidet driv på frå 07:00 om morgonen til 19:00 på kvelden, seier Norheim.