ENORM BRAGD: Åslaug Golf Kaardal (springande på biletet) hadde eigentleg tenkt å trekka seg frå ekstremløpet Xreid Hardangervidda, men så kom motivasjonen likevel. Etter 24 timar 21 minutt på vidda var ho første kvinne i mål på Gaustatoppen. Foto: Kyle Meyr/Xreid.
ENORM BRAGD: Åslaug Golf Kaardal (springande på biletet) hadde eigentleg tenkt å trekka seg frå ekstremløpet Xreid Hardangervidda, men så kom motivasjonen likevel. Etter 24 timar 21 minutt på vidda var ho første kvinne i mål på Gaustatoppen. Foto: Kyle Meyr/Xreid.

Åslaug hadde tenkt å trekka seg – vann ekstremløp

Åslaug Golf Kaardal frå Lærdal vann kvinneklassa i ekstremløpet Xreid Hardangervidda.

Lærdal: Det 128 kilometer lange ekstremløpet over Hardangervidda med Gaustatoppen (1883 moh.) som mål vart arrangert i helga, der 126 deltakarar frå ti nasjonar stod på startstreken. 80 av desse fullførte, og ein av desse kom frå Lærdal.

Første kvinne på toppen var Kaardal, som berre tre dagar før hadde tenkt til å trekka seg fordi ho mangla motivasjon.

– Men så skulle eg køyra dottera mi til Gardermoen, så då tenkte eg at eg berre pakkar som om at eg skal på konkurransen, og då kom motivasjonen medan me køyrde over Hemsedalsfjellet, ler ho.

– Eg er skikkelig glad i fjellet og spesielt høgfjellet, så då me køyrde over, fekk eg godkjensla og kroppen opna seg opp for å ta imot inntrykka frå naturen. Plutseleg fekk eg lyst til å vera med.

Springing som hobby

Det var ikkje så dumt det. Kaardal blei nemleg første kvinne til topps føre Monica Strand og Jenn Gaskell. Men intensjonen var aldri å vinna.

– I første omgang er springing ein hobby fordi eg likar å vera i aktivitet og er takknemleg for at eg har ein kropp som stort sett fungerer. Motivasjonen er eigentleg gleda ved det, forklarar ho.

– Eg bestemte meg for å springa for å ha det gøy, og det gjorde eg eigentleg, men så la eg merke til at ho eine dama (Jenn journ. anm.) som hadde vunne dei to siste åra, heldt eit roleg tempo. Eg sprang frå ho, og så såg eg ikkje meir til dei. 

24 timar

Kaardal synest sjølvsagt det er tilfredsstillande å vinna løpet, men har likevel andre opplevingar ho sjølv rangerer høgare som ikkje inneberer å vera først i mål. Slik er det nok for dei fleste som deltek på dette løpet.

Då lærdølen kom i mål, hadde ho vore ute i naturen i 24 timar og 21 minutt ifølgje Langrenn.com. Og nei, då har ho ikkje stoppa og tatt seg ein pause for å sova.

– Løypa byrja med ein oppoverbakke, så då gjekk me opp. Ein går stort sett i oppoverbakkane, og så spring ein når det flatar ut. Etter kvart som kroppen streikar, blir det meir og meir gåing og ein kamp for å springa. 

– Terrenget krev veldig mykje og det tar mykje energi å løfta føttene på ein teknisk sti. Siste stien opp klarte eg ikkje å springa. Då var det berre fokus på å plassera føttene. 

Magisk oppleving

Då er det ingen tvil om at berre det å fullføra eit slikt løp er ei bragd i seg sjølv. Og ekstra fint er det å vera med når vêret viser seg frå si beste side.

– Me kunne ikkje ha vore heldigare med vêret. Det var nesten for heitt, men det var ein trekk heile vegen. Me hadde sola mot oss lenge, men så byrja ho å gå ned, og då var det eit fantastisk fargespekter. Det går nesten ikkje an å skildra. Du kjem i kontakt med naturen på ein slik måte at det vert magisk, seier ho.

Og det er nettopp opplevinga det er å delta arrangøren legg vekt på og har fokus på, der det er like stort å komma i mål etter 30 timar som etter 17. 

Til toppen