DRAUMEJOBBEN: Åsmund Nordgulen (30) frå Årdal har fått det mange vil skildre som draumejobben når han i sommar skal leie arbeidet med å skjøtte eit viktig kulturlandskap i Utladalen. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Åsmund (30) skal leie arbeidet med å skjøtte naturen i Utladalen

Heile tolv personar søkte på det som vart omtalt som «draumejobben» i Utladalen. Til slutt var det Åsmund Nordgulen (30) frå Årdal som fekk stillinga.

Utladalen: Nordgulen får no jobben med å leie skjøtselsarbeidet i eit av dei viktigaste kulturlandskapa i Noreg. Det inneberer også å legge til rette for ferdsle, ivareta det biologiske mangfaldet og informere gjestar.

Det var Florin Halastauan som hadde denne jobben tidlegare, men endra familiesituasjon gjorde at Utladalen Naturhus gjekk ut og søkte etter ny person tidlegare i år.

Det er stiftinga som utfører dette arbeidet på vegne av Statens Naturoppsyn. Få plassar i landet er denne jobben meir omfattande enn i Utladalen.

– Eg søkte på jobben fordi eg ønskte å koma heim til Årdal. Dette er den eine sjansen eg har. Det er ikkje så mange jobbar rundt Årdal som denne. Så får me sjå med tida om eg tar med meg familien og flyttar pemanent til Årdal eller Indre Sogn i det minste, seier Nordgulen.

Skal drive skjøtsel i eit viktig kulturlandskap

30-åringen har kone og barn og bur til dagleg i Steinkjer. Han har tidlegare studert på Mo jordbruksskule. Han har også studert utmarksforvaltning og anvendt økologi.

Dei neste fem månadane er basen hans i Utladalen, der han i grunnen skal gjere alt og ingenting, som Nordgulen sjølv seier. Rigmor Solem i Statens Naturoppsyn forklarar nærare.

– Skjøtselen som Åsmund skal drive med, er det eg som er fagleg ansvarleg for. Utladalen er eitt av dei mest omfattande områda å drive skjøtsel i Noreg, og dalen er også eit av ti område i Sogn og Fjordane som har status som nasjonalt viktige kulturlandskap, seier ho.

– Skjøtselplanen dreier seg om slåtting og å ha tilsyn med beitedyra. Det er viktig at det vert slått til riktig tidspunkt på grunn av det biologiske mangfaldet. I området finn me mellom anna alm og lind som er noko av det mest vertifulle tresortane me har i landet.

Dyra kjem frå fleire kantar av landet. Det gjer sitt til at ein kan sjå både hestar, sauer, fjordfe og høner etter kvart som ein vandrar inn dalen.

Ser potensiale i Utladalen

I Utladalen finst det også ein del raudlisteartar som ein gjer alt for å ta vare på. Utanpå dette igjen kjem arbeidet med å bevare kulturhistorien i Vetti, Avdalen og under Skåri – det å sørge for at det ser pent ut slik at folk opplever det som interessant å besøke desse sjeldne bygningane og områda.

Dessutan skal Nordgulen også leie gruppa med arbeidarar. I år er det seks stykk som kjem til Noreg frå Romania og Slovakia. Tre av desse har vore her før. Førebels er ikkje stillinga ei heilårsstilling, men potensialet er der.

– Hadde det vore det, ville det nok vore mange fleire enn tolv som søkte, men det må seiast at åtte av søkjarane var svært godt kvalifiserte i likskap med Åsmund, seier Solem, som håpar dei kan utvide stillinga.

– Me ser potensialet for heilårsdrift her. Om ikkje på fulltidsbasis, så iallfall nokre dagar i veka. Me håpar me berre vil oppleva større tilreising til bygda, også utanom sesong, seier Torunn Todal Laberg, som er ny styreleiar i stiftinga.

Humlevandring

Nordgulen bringer sjølv med seg ny kunnskap og nye idear. Mellom anna er han nyleg blitt godkjend som humleinstruktør.

– Det er ikkje så mange som er klar over at det er 35 artar i Noreg, og sannsynlegvis finst mange av dei her. Då kan idé vere å ta med ungar på humlevandring, der ein gir dei gode naturopplevingar som gjer at dei verdset området meir når dei blir vaksne, seier han.

Til toppen