GJESTAR VEKAO: I kvled vender ASVO-bandet snuten mot Sogndal, der dei skal opptre som ein del av Vekao-arrangementet. Arkivfoto: Sunniva K. Øvstetun
GJESTAR VEKAO: I kvled vender ASVO-bandet snuten mot Sogndal, der dei skal opptre som ein del av Vekao-arrangementet. Arkivfoto: Sunniva K. Øvstetun

ASVO-bandet gjestar Vekao

I kveld gjer ASVO-bandet som Gabrielle og DDE, dei skal opptre på Vekao2015 i Sogndal.

Det er ikkje lenge sidan ASVO-bandet rocka laus på nyttårsballet for menneske med utviklingshemmingar i Sogn, og no er dei klare igjen.  I kveld skal dei spele i kulturhuset i Sogndal under arrangementet Vekao 2015.

Vekao, eller Studentvekao, er eit arrangement som vert planlagt og gjennomført av studentar frå Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Med daglege arrangement på studenthuset Meieriet og eit breitt mangfald av aktivitetar rundt omkring i nærområdet, kan ein finne noko for kvar ein smak. Studentane tek i bruk heile bygda og Arrangementet famnar  heile bygda. Alle som er med og arrangerer festivalen, gjer dette på frivillig basis.

Lokale heltar
ASVO-bandet består av omkring 30 hjelparar og brukarar, og er eit band som spelar saman ei gong i veka.  John Erik Rode fortel til porten.no at bandet har øvd fram mot denne konserten sidan i haust, og at dei gler seg svært mykje.

Saman med mellom anna Laila Asperheim og Helge Øren, er Rode ein viktig ressurs bak ASVO-bandet, og han har sjølv vore med bandet og førebudd dei til konserten.

Bandet har ikkje spelt saman i meir enn 1,5 år, men imponerer og sjarmerer stadig når dei opptrer. Dei dyktige musikarane spelar alt frå trommer til trekkspel, og speleglede er det ikkje mangel på.

Stor stas
Både Rode og Øren understrekar at musikarane i bandet har gleda seg i lang tid, og at dei tykkjer det er stas å få spela utanfor bygda. Øren legg til at musikarane i ASVO-bandet er som alle andre musikarar som skal opptre, dei er sjølvsagt spente.

Det er sjølvsagt stor stas for dei å få opptre, og dei gler seg og er spente. Som alle andre musikarar ynskjer dei å verte sett og høyrt, og det er stort fort dei å få vere ein del av eit stort og vel etablert arrangement som Vekao.

ASVO-bandet skal spele i om lag 50 minuttar, og bandet har førebudd 9 melodiar. Dei skal mellom anna framføre Ta meg med av Olav Stedje og Leite etter lykka av Hellbillies.

Studentar tok kontakt
Det er som nemnd studentane ved Høgskulen i Sogn og Fjordane som står bak arrangementet Vekao. Studentar frå studenthuset Meieriet vel sjølv ut kven dei ynskjer skal stå på scena, og i år er det ASVO-bandet sin tur.

Bandet har opptredd fleire gongar tidlegare, til dømes i Årdal kulturhus og i Leikanger. At ASVO-bandet får gleda av å opptre under Vekao er det nokre vernepleiestudentar ved høgskulen som står bak.

Nokre av studentane som tek vernepleieutdanning er med å arrangerer Vekao, og har dette som ein del av praksisen i utdanninga si. Arrangørane har prøvd å fått ASVO-bandet til å opptre under Vekao tidlegare, men bandet har diverre ikkje hatt høve før i år.

Nøgd sjef
Vekao-sjef, Frida Isungset, tykkjer det er kjempeflott at ASVO-bandet endeleg står på plakatane i år. Sjefen fortel til porten.no at ho er oppteken av variasjon, og tykkjer at ASVO-bandet er eit flott bidrag.

– For oss er det viktig med variasjon og at alle finn noko som passar dei. Dette er fyste gongen denne typen band spelar for oss og me er veldig spente. Me vonar at så mange som mogleg tek turen for å høyre på, dette er noko me ser fram til alle saman.

Konserten vil finne stad i Blaoboksen/Kulturbygget i Sogndal 18.00 og er gratis for alle.

Til toppen