SPELEGLEDE: I fjor spelte ASVO-bandet Under Skåri på Målrock, fredag opnar dei Kulturfestivalen for menneske med utviklingshemming i Førde. Foto: Ingrid Nordbye-Antonsen
SPELEGLEDE: I fjor spelte ASVO-bandet Under Skåri på Målrock, fredag opnar dei Kulturfestivalen for menneske med utviklingshemming i Førde. Foto: Ingrid Nordbye-Antonsen

ASVO-bandet opnar kulturfestival

Det lokale årdalsbandet har fått den gjeve oppgåva med å opna Kulturfestivalen for menneske med utviklingshemming i Førde i helga. 

Årdal: – Me tykkje det er stor stas å bli invitert, seier Helge Øren. 

Saman med 23 av medlemmene i bandet, skal han og musikar John Erik Rode opna Kulturfestivalen i Førde fredag kveld. 

Musikk, dans og drama

Kulturfestivalen vert arrangert av fylkeskommunen og er eit årleg arrangment for menneske med utviklingshemming. 

– Det er mykje aktivitet som skjer i løpet av helga. Det fleste av medlemmane i bandet skulle på festivalen i utgangspunktet, så det passa bra at me vart spurde om å opptre, seier Øren.

På programmet står blant anna dans, teikning, måling, musikk og drama.

– Sjølv om det er utfordrande å reise med så pass mange folk, ha med utstyr og ordna logistikk, er det desto meir moro når me får det til, seier Øren. 

Lang merittliste

ASVO-bandet har det siste året spelt for fleire store arrangement i fylke. I fjor sommar opptrådte dei Under Skåri på Målrock-festivalen og under studentarrangementet VEKO i Sogndal.

Les også: ASVO-bandet gjestar Vekao​ 

– Bandet har blitt svært populært etter at me spelte Under Skåri i fjor. Det er stas at det også er rom for oss på dei større arrangementa og at vi kan stilla på same plakat som dei meir "ordinære" banda, seier Øren. 

Les også: Målrock i år - kva vert det neste?

Det som byrja med eit trivselstiltak på Indre Sogn ASVO i 2013, har dei siste tre åra utvikla seg til eit profesjonelt band. 

– Eg er utruleg stolt over at dei store, lokale arrangementa tåre å tenkja utanfor boksen. Det kjem medlemmane i bandet til å leva lenge på, seier Øren. 

Gledar seg til å gå på scena

Det å kunne opptre og få driva med musikk har stor betydning for ASVO-bandet av fleire grunnar. 

– Ein ting er at publikum ser dei opptre og høyre låtane som dei framføre, men så har vi del delen som publikum ikkje er vitne til. Alt me gjer i forkant, øvinga saman, meistringskjensla og det å tilhøyra ei gruppa er utruleg viktig, seier Øren. 

ASVO-bandet har både speleglede og formidlingsevne som både er sjarmerande og bra. 

– Mange av medlemmane har vakse veldig på denne aktiviteten, dei er tryggare på seg sjølv og kvarandre, seier Øren. 

Til toppen