ASVO-bandet rocka til fullsatt sal

Kulturhuset i Øvre Årdal var fylt til randen då ASVO-bandet, med god hjelp frå fleire andre, hadde sommarkonsert.

– Det er overveldande kjekt å sjå at salen er fylt til randen. Det fortener dei som skal framføra noko i dag.

Slik innleia Sigyn Øren då ASVO-bandet inviterte til sommarkonsert i kulturhuset i Øvre Årdal tysdag, på same dag som det vart annonsert at bandet skal spela på Målrock.

Musikalsk tiltak

Og det er med god grunn denne gjengen no skal delta på det som blir skildra som ei av dei viktigaste hendingane i Årdal i laupet av året. 

LES OGSÅ: Lokale heltar gjer Målrock-programmet komplett

– For mange år sidan hadde Odd Sigmund Høl musikktimar på det som ein kalla for ATS med nokre av dei som no er i ASVO-bandet. Då Indre Sogn ASVO flytta inn i nye lokale på Årdalstangen, jobba Helge Øren der som miljøarbeidar. Saman med dagleg leiar i ASVO, Jarle Øy, fann dei ut at dei skulle innreia eit musikkrom. 

– Der kjøpte dei inn fleire musikkinstrument. Jarle visste at trivsel på arbeidsplassen var viktig, og musikk og rørsle har dokumentert effekt for å skapa eit godt arbeidsmiljø. Det var eit bevisst miljøtiltak, forklarar Øren.

Riktig val

Og slik fekk gjengen bandnamnet sitt. Etter kvart fann John Erik Rode, som kom inn som vikar, og Helge Øren ut at dette kunne ein ta eit steg lenger. Saman såg dei at musikken til ASVO-bandet måtte synast fram for andre. 

LES OGSÅ: Rocka musikk og god stemning på nyttårsball

– Eg ser med oppslutnaden her i kveld at dei har gjort noko riktig. Det er tre år sidan deira første konsert her i kulturhuset, og det var ein braksuksess med masse respons, fortel Sigyn Øren.

– Dei har ein speleglede, musikalitet og energi som smittar av. Du må bli glad når du høyrer denne gjengen.

Populære

Sidan då har bandet haldt fram med å vakse, og i dag består bandet av nesten 30 medlem. Stadig vekk får dei tilbod om spelejobbar. Dei har spelt på kulturfestivalen i Førde, på 250 årsjubileumet til fylkeskommunen og under Vekao i Sogndal. Tysdag vart det også klart at dei er ein del av Målrock-programmet.

LES OGSÅ: ASVO-bandet gjestar Vekao

Sigyn Øren nytta høvet til å rosa spesialomsorgen i kommunen som heile tida legg til rette for at dei kan reisa på desse turane, blir med på tur og synest dette er kjekt.

Ein såg raskt kvifor ASVO-bandet er så populært. Kvar og ein bidrog med sitt for å skapa eit musikalst bilete publikum seint vil gløyme, og dersom ein kom dit litt tung i humøren på grunn av det dårlege vêret, vart dei mørke skyene raskt til sol.

Fleire bidrag

Det bidrog også KuDaMuDra til, som består av dei yngste elevane i kulturskulen. Det vil seia 1. og 2. klassingar. Der fekk ein også oppleve moderne teknologi på sitt beste når ungane spelte gitarsolo på ein iPad. 

Etter KuDaMuDra fulgte Englande med Kenneth Jervik og Erling Hope før Jostein Ålhus, Gitanjali Bahnot og Aleksander Kinserdal før ASVO-bandet entra scena.

På siste nummeret var alle aktørane samla på scena, og no hadde dei også fått med seg Øvre Årdal Janitsjar til ei spektakulær avslutning fulgt av ståande applaus.

Til toppen