JUBILERER: Denne månaden fyller Indre Sogn ASVO 20 år. I alle desse åra har Jarle Magne Øy vore dagleg leiar. No har Veronica Øyre tatt over roret. Foto: Truls Grane Sylvarnes. 
JUBILERER: Denne månaden fyller Indre Sogn ASVO 20 år. I alle desse åra har Jarle Magne Øy vore dagleg leiar. No har Veronica Øyre tatt over roret. Foto: Truls Grane Sylvarnes. 

ASVO er 20 år: – Alle har ei verdiskaping

I oktober i 1996 vart Indre Sogn ASVO starta. 20 år seinare gir bedrifta framleis eit viktig tilbod til personar som av ein eller annan grunn fell ut av ordinært arbeid. 

Årdal: – Jubileet vart feira med kaker, brus og kaffi. Me hadde stort fest med ballongar, og alle var nøgde og kosa seg. Dette var ein fest for brukarane våre, seier Veronica Øyre. 

Ho er ny dagleg leiar ved Indre Sogn ASVO og har tatt over jobben etter Jarle Magne Øy, som har styrt skuta heilt sidan starten og fram til august i år. No trappar han ned før han går inn i pensjonisttilveret til neste år.

– Det går meget bra, smiler han før han vert alvorleg.

– Det er om å gjera å ha tillit til folk. Det har dette vore basert på heile tida. Gir du folk det, får du resultat – punktum finale!

Har «heile verda» hjå seg

Det heile starta for 20 år sidan. Det byrja i små kår framme i Utladalen med 15 brukarar og tre tilsette. Så har det balla på seg, som Øy seier. Etter kvart vaks dei ut av eige bygg og flytta ned på Årdalstangen. No held dei til i det tidlegare sentralbygget til Årdal kommune. Dei er 12-13 tilsette og har mellom 50-60 brukarar.

Artikkelen held fram under biletet.

UTVIDA: For nokre år tilbake vaks ASVO ut av dei gamle lokala sine for andre gong. No held dei til her.
UTVIDA: For nokre år tilbake vaks ASVO ut av dei gamle lokala sine for andre gong. No held dei til her.

ASVO står for arbeidssamvirke i offentleg verksemd og er eit tilbod til menneske som av ulike grunnar har falle ut av det ordinære arbeidslivet.

– Me har heile verda her hjå oss, seier Øyre.

– Det er alle slags typar menneske her, akkurat som meg og deg. Av ulike årsaker har det falle ut av arbeidslivet eller ikkje kan nyttast i ordinært arbeid. Det er mange grunnar til det. Det er ingen fasit, legg Øy til.

Omstillingar

I dag finst det rundt 250 slike verksemder rundt omkring i landet. Bedriftene har måtta gå gjennom mange omstillingar. 

– Regelverket har vorte forandre opp gjennom åra, men menneska har vore dei same, berre at dei får andre betingelsar og nemningar. 

– Det er berre å følgja regjeringsalternativa opp gjennom, så kan ein sjå at for kvar arbeidsminister har det vore ei endringa, både til godt og vondt, men som regel har det gått greitt. Me har vore heldige her i Årdal med støtte frå kommunen og næringslivet. Det vil eg framheva, held han fram.

– Alle har ei verdiskaping

Indre Sogn ASVO er blitt til ein betydeleg arbeidsplass i Årdal. Dei tilbyr fleire ulike typar teneste som vaskeri, skilt, systove, trevarer, mekanisk og glas.

Visjonen er at dei skal gjennom gode rollemodellar, god arbeidsleiing, god opplæring og lønsam produksjon av varer og tenester, skapa utviklande og trygge arbeidsplassar.

– Eg meiner det er ein folkerett med arbeid. Alle har ei verdiskaping, alle har ei arbeidsevne. Om dei ikkje gjer anna enn å møte opp med eit smil, så det er greitt nok, men det er viktig at det vert lagt til rette slik at dei får bruka evnene sine, avsluttar Øy.

Til toppen