KLAR: Slik ser teikningane av asylmottaket som etter planen skal byggast på Borgund. Teikning: Høgeloft AS.
KLAR: Slik ser teikningane av asylmottaket som etter planen skal byggast på Borgund. Teikning: Høgeloft AS.

Asylmottak kan stå klart til sommaren 

Jan Geir Solheim håpar på grønt lys frå UDI om å oppretta asylmottak på Borgund i neste anbodsrunde. 

I desember sa UDI nei til asylmottak for mindreårige på Borgund i Lærdal grunna manglande kommunale godkjenningar. 

– Det er realistisk at dei mindreårige asylsøkjarane kan flytte inn allereie til sommaren om alt går etter planen. No har vi brukt tid på godkjenning av arealbruk og ventar no på at UDI skal lysa ut anbod, seier Jan Geir Solheim til Porten.no

30 arbeidsplassar

Det var slutten av november at Porten.no kunne fortelja at Jan Geir Solheim, Trond Øyen Einemo, Stein Vidar Nemeth, Knut Opdal og Jan Ryde hadde kjøpt brakkeriggen til Mesta.

Dei søkte deretter UDI om å få ta imot einslege unge asylsøkjarar her, men fekk avslag. No ventar kommunen på ei ny vurdering. 

Les også: Ap: – Føler ordføraren har ein skjult agenda

– Om vi får planane godkjent vil vi byggje til makskapasitet som er på 60 personar. Mottaket på Borgund vil kunne utløyse 30 årsverk og nye arbeidsplassar, seier Solheim. 

Kan flytta inn til sommaren

Når UDI lyser ut anbodet, vil det ta fire til fem veker før ein får svar om Lærdal sitt tilbod vert godkjent. 

– Om vi får anbodet, må vi rekne med ein byggjeperiode på 1,5 til 2 månadar. Det er ein del bustadelement som må flyttast på, seier Solheim.   

Det er mest truleg Hero som vil stå som driftsoperatør for asylmottaket. Dei kjem fyrst til å lyse ut stillingar om Lærdal får anbodet.

Til toppen