FORTVILA: Senterpartiet fortvilar over at regjeringa ikkje har klart å anslå heile asylrekninga for kommunane i vår.​ Foto: Flickr/Senterpartiet.
FORTVILA: Senterpartiet fortvilar over at regjeringa ikkje har klart å anslå heile asylrekninga for kommunane i vår.​ Foto: Flickr/Senterpartiet.

Asylrekninga for kommunane i det blå

Senterpartiet fortvilar over at regjeringa ikkje har klart å anslå heile asylrekninga for kommunane i vår.

Indre Sogn: Å få fastsett talgrunnlaget var ein vesentleg del av forliket om integreringspolitikken før jul, ifølgje Sps innvandringspolitiske talskvinne Heidi Greni.

– Departementet skulle ta kontakt med KS for å ha ein dialog om dei reelle kostnadane for kommunar som buset flyktningar og som har fått flyktningmottak, seier ho til NTB.

Greni meiner regjeringa dryger med å følgje opp forliket.

– Det bekreftar påstanden om at det blir jobba iherdig med innstrammingsforslaga, men at vi har ein integreringsminister som er veldig lite interessert i integrering, seier Greni.

Noreg tok i fjor imot over 30.000 asylsøkjarar, som no skal busetjast og integrerast.

– Heilt håplaust

Innvandrings- og integreringsminister Sylvi Listhaugs (Frp) stortingsmelding om integrering kjem 11. mai, same dag som revidert nasjonalbudsjett for 2016 og kommuneproposisjonen.

Men utan alle tala på bordet, vil det bli vanskeleg å få utgiftene til kommunane inn i revidert budsjett, fryktar Greni.

– Det ser ut til at dei ikkje har starta diskusjonar og utgreiingar av dei faktiske utgiftene ved å vere ein mottakskommune. Det er heilt håplaust, seier ho.

I forliket står det at regjeringa og KS saman skulle lage ein oversikt over dei auka kostnadane knytt til helse, skule, barnehage og barnevern og legge den fram for Stortinget i vår.

Oversikta skulle også «omfatte ei vurdering av integreringstilskotet og vertskommunetilskotet».

November

Greni har i Stortinget spurt Listhaug om meldinga vil innehalde ei felles forståing mellom regjeringa og KS om «kostnadar knytt til vertskommunane for mottak og busetjing».

Listhaug svarar at resultata frå Teknisk berekningsutval (TBU), som kartlegg utgiftene for kommunane til busetjing og integrering av flyktningar, blir lagt fram i meldinga.

Men når det gjeld utgifter til drift av asylmottak, vil TBUs tal først vere klare i november, ifølgje Listhaug.

Når det gjeld refusjonsordninga for kommunale barnevernstiltak til einslege mindreårige asylsøkjarar, viser ho til Barne- og likestillingsdepartementet.

Kor mykje?

Kor stor del av utgiftene kommunane skal få dekt, har lenge vore omdiskutert. Regjeringa avviser å kompensere kommunane fullt ut for integreringsutgiftene.

Men KS krev at staten blant anna må ta ein større del av rekninga ved busetjing av einslege mindreårige. KrF vil at staten skal dekke 95 prosent av kostnadane ved å busetje og integrere desse.

– Dette må ikkje bli eit økonomisk svarteperspel, sa fungerande KrF-leiar Dagrun Eriksen nyleg.

– Vi har fått ein veldig uverdig situasjon, både med einslege mindreårige og funksjonshemma. Dei stiller bakarst i køen for å bli plasserte ut.

Har lansert forslag

I meldinga blir det foreslått at alle asylsøkjarar skal få kurs i norsk kultur og samfunnskunnskap. Det vil også komme eit krav om at flyktningar og asylsøkjarar må bu i Noreg i fem år før dei kan få kontantstøtte.

I januar varsla Listhaug eit individtilpassa introduksjonsprogram for nye asylsøkjarar.

Forslag om lønnstilskot og fritak frå arbeidsgjevaravgift har vore lansert som jobbtiltak, men desse har ein stor kostnad for staten. 1. mai fortalde Listhaug at regjeringa vil gjere arbeidspraksis til ein del av introduksjonsprogrammet for nye innvandrarar.

Redusert lønn for flyktningar er upopulært i fagrørsla, som fryktar ein ny underklasse i arbeidslivet. (©NPK)

Til toppen