MERKAR DET: Greta Steinheim i Garanti fortel at dei allereie merka det i august då asylmottaket vart redusert med 60 plassar. No kan bustadmarknaden få ein ekstra trøkk dersom 22 nye bueiningar vert ledige. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
MERKAR DET: Greta Steinheim i Garanti fortel at dei allereie merka det i august då asylmottaket vart redusert med 60 plassar. No kan bustadmarknaden få ein ekstra trøkk dersom 22 nye bueiningar vert ledige. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

At asylmottaket forsvinn kan påverke bustadmarknaden

Leigeavtalen på 22 bueiningar vert sagt opp i desse dagar. Det kan få konsekvensar for bustadmarknaden i Årdal. 

Årdal: Tysdag kom meldinga frå UDI om at det ikkje er behov for Årdal mottakssenter lengre. 700 mottaksplassar i vest vert lagt ned, og 123 av desse var ved mottaket i Årdal.

Det kjem kort tid etter at mottaket allereie i sommar vart kutta ned ganske drastisk frå 210 plassar til 150. Dette gir ringverknader ut i lokalsamfunnet.

– Me generer ganske store beløp på husleige i månaden, og ikkje minst vil det forsvinna nærare 200.000 kroner i månaden som vert brukt i lokalsamfunnet på mat og andre ting. Diverre vil nok også butikkar merke at mottaket forsvinn, seier mottaksleiar Anne Margrete Hatlelid.

22 bueiningar vert sagt opp

Bebuarane på mottaket i Årdal har vore spreidd på nærare 30 bueiningar på det meste før nedtaket i sommar.

– No har eg byrja på ein runde med å informera utleigarar. Det er 22 bueiningar per i dag, men me sa opp ein del i sommar også, så totalt sett på tre månader er det nærare 30 hus og leiligheiter som vert sagt opp, fortel Hatlelid.

Bustadmarknaden i Årdal er i godt driv for tida etter ein lengre periode med stillstand. I skrivande stund ligg det litt over 40 objekt til sals i kommunen, og no vert dei fleire.

– Me merka det no i august at det kom nokre som hadde leigd ut, som no ville selja, så me har sett nokon effekt, men ikkje så mykje enno. Det er litt tidleg, seier Greta Steinheim, som er dagleg leiar i Garanti. 

– Prisane kan gå ned

Ho fortel at dei har ein stor etterspurnad etter bustad for augneblinken, spesielt blant unge som er interessert i blokkleiligheiter og tomannsbustad. Til og med objekta som har stått lenge til sals byrjar å gå sakte, men sikkert unna. 

– Korleis vil det då bli dersom 22 nye einingar kjem til sals?

– Eg trur prisane då kan gå noko ned viss desse kjem på same tid. Dersom det kjem over tid, er det ikkje sikkert det vert så gale. Hjå oss sel me mange objekt kvar einaste månad, så det er ikkje sikkert at 22 er så gale, seier ho.

– Kan marknaden få eit sjokk om dei kjem samstundes?

– Ja, viss alle kjem på ein gong, men forhåpentlegvis gjer dei ikkje det, og det trur eg ikkje dei gjer heller, svarar Steinheim.

Ho trur mange av dei som leiger ut vil prøve å få leigd ut til andre eller rett og slett let huset stå i påvente av betre tider fordi dei har moglegheit til det. 

Til toppen