BEKYMRA: Frå der den raude bygningen ligg og innover langs vegen er området Noregs største hamn kan koma om politikarane i Lærdal vil. Familien Brugrand bur i det gråe huset om lag femti meter unna. Foto: Ole Ramshus Sælthun
BEKYMRA: Frå der den raude bygningen ligg og innover langs vegen er området Noregs største hamn kan koma om politikarane i Lærdal vil. Familien Brugrand bur i det gråe huset om lag femti meter unna. Foto: Ole Ramshus Sælthun

- At ein vil ofra to nærmiljø for ein fabrikk er uforståeleg

Naboar av og grunneigarar på eigedommen der det er gryande planar om å byggja Noregs største hamn føler seg forbigått. Og dei meiner politikarane kan vedta oppstart av planarbeid på sviktande grunnlag.

Lærdal: - Når eg sit og ser ut av glaset, kan eg ikkje finna ein fornuftig grunn til at me skal kunne bu her, seier Ernst Inge Brugrand.

Han og kona Monica bur i huset som vil bli næraste nabo til den 150 meter lange hamna som politikarane i Lærdal torsdag skal bestemma om det skal startast planarbeid for. Saka kjem opp etter førespurnad frå EcoInowaste - selskapet som er skipa i regi av Simas for å få i stand pelletsfabrikken på Håbakken.

Dei er også næraste naboar til grushola der same selskap vil plassera seks siloar for lagring av pellets.

- Det er heilt utenkjeleg å bu og ha eit normalt liv her om dette blir realitet, held Ernst Inge fram.

- At ein vil ofra to nærmiljø for ein fabrikk er for meg uforståeleg​, seier Monica.

Les om saka som skal opp for politikarane her: - Hamn er like viktig som Håbakken

- Politikarane bør spørja seg om dei sjølve ville ha vore naboar til dette

Dei har skrive brev til kommunestyret der dei peikar på fleire tilhøve som gjer at dei meiner området vil bli ubebueleg.

"Skal eit kaianlegg få den dimensjonen som vi har inntrykk av, vil det bli ein monaleg trafikk av store båtar som kjem til kai, og som kanskje blir liggjande å vente ute på fjorden", står det i brevet.

Vidare at: "Dersom det skal lossast og lastast tømmer til alle døgnets tider, vil det vere klinking og klanking frå kranar og tømmer som fell frå kranen. Etter som ordføraren sa i fjor sommar, tenkjer ein seg at dette skal blir den største godshamna i Noreg."

Dei skriv også at dei flytta til Erdal mellom anna på grunn av utsyn mot fjorden, og at dei går utifrå det blir ein støyvoll mot fjorden så dei mistar dette utsynet.

Avslutningsvis fryktar dei for helsa til familien: "Dersom det blir støv og luktplager, eksos frå trailerar og anna ureining av lufta, vil det skape alvorlege helseplager fordi fleire i familien har astma og allergiplager allereie. Det er lett å tenkje seg at dette blir forsterka."

- Ville eg ha hatt dette som næraste nabo er spørsmålet politikarane bør spørja seg og kunne svara ja på om dei vil gå inn for noko slikt, seier Monica Høgelid Brugrand.

Artikkelen held fram under biletet

150 METER: Hamna skal dekkja heile bukta så langt ein ser her, slik det går fram av skissene - og byggjast godt ut i fjorden.
150 METER: Hamna skal dekkja heile bukta så langt ein ser her, slik det går fram av skissene - og byggjast godt ut i fjorden.

- Veit ikkje konsekvensane av dette på sikt

Og dei er ikkje åleine om å protestera på planane; grunneigarane på eigedommen der hamna er tenkt plassert har skrive brev til politikarane i Lærdal. Dei reagerer kraftig på at ei slik sak kjem opp utan at det ligg grundige analysar føre:

"Det finst ingen prosjektplan som forklarar dimensjonar, konsekvensar, økonomi, støy og miljø osv. - og kva ein slik kai skal brukast til. Dette er ei altfor svær sak til å ta så lett på."

Eit anna hovudpoeng dei framfører, er at dimensjoneringa av hamna ser ut til å vera av ein slik karakter at dei undrast over at ei tømmerkai faktisk er føremålet:

"Det er ingen andre tømmerkaiar langs kysten, eller den nye i Kaupanger som er så stor som denne. Ein snakkar på det meste om 100 meter kaikant.

At det skal definerast som tømmerkai, harmonerer òg dårleg med dei vyene som administrerande direktør i Simas presenterte i ein artikkel på nrk.no 30.09.2016. Han meiner at eit samarbeid om grøn industri mellom fleire kommunar i fylket, skal kunne gje 850-1000 arbeidsplassar."

Ernst Inge Brugrand spør seg også om kva som kan koma:

- Me veit ikkje konsekvensane av dette på sikt, og har eigentleg ikkje peiling på dimensjonane. Dette kan utvikla seg mykje. 

Grunneigarane meiner dessutan det kan vera tvilsamt at ein får offentlege midlar til denne utbygginga, slik det er førespegla i brevet frå EcoInowaste til kommunen:

"Der står det at dette skal vere ein tømmerkai, og at ein ynskjer at kommunestyret raskt vedtek oppstart av regulering, fordi ein vil søkje Landbruksdirektoratet om tilskott. Slik vi forstår, er det skogeigarane dette tilskottet er retta mot, ikkje næringsutviklarane. Med tømmerkai i Kaupanger, er det vel kanskje tvilsamt om direktoratet set dette prosjektet fremst. Kanskje dette momentet bør sjekkast ut før de tek ei så viktig avgjerd?"

Meiner lokalsamfunnet kan tapa mykje

Vidare framfører dei ei rekkje argument mot at hamna skal plasserast i Erdal.

På den eine sida skriv grunneigarane at dei har hatt planar om å nytta eigedommen - der det mellom anna ligg eit lagerhus med eit husvære i - til småbåthamn. Vidare at dei ønskja å tilretteleggja for turistnæring her, planar dei la fram for kommunen.

Då fekk dei beskjed om å sjølve kosta reguleringsplanen - om lag 200 000 kroner - og at dei ikkje torde å ta den økonomiske risikoen fordi responsen frå kommunen framstod lunken så dei kanskje ikkje ville få lov til denne satsinga uansett.

På den andre sida nemner både grunneigarane og ekteparet Brugrand fleire tilhøve ved etablering av ei slik hamn dei meiner vil vera uheldige for lokalsamfunnet.

I høve det faktum at mange i bygda nyttar området til turar med grushola som utgangspunkt spør dei seg: "Kven vil bruke dette område når det ligg eit svært kaianlegg der og stengjer?"

Og at hamna og grushola vil liggja rett ved krysset opp på den nasjonale turistvegen over Aurlandsfjellet kommenterer dei slik "Dersom det skal bli utstrekt tungtrafikk som skal krysse vegen, og ha påkøyring frå kaianlegget der, kan det skape farlege trafikksituasjonar, særleg når det kjem bilar nedover frå dalen."

Det blir peika på at ei hamn med tilhøyrande lagringsplass vil kunne ha uheldige miljømessige konsekvensar. Grunneigarane skriv mellom anna: "Laksen til og frå Lærdalselvi blir garantert påverka av eit storanlegg midt i «reiseruta», med sterkt auka båttrafikk."

Artikkelen held fram under biletet

LAGERPLASS: Denne grushola ser EcoInowaste føre seg å setja opp seks siloar det skal lagrast pellets i. Krysset i framkant er avkøyrsla til den nasjonale turistvegen over Aurlandsfjellet.
LAGERPLASS: Denne grushola ser EcoInowaste føre seg å setja opp seks siloar det skal lagrast pellets i. Krysset i framkant er avkøyrsla til den nasjonale turistvegen over Aurlandsfjellet.

- Heilt uaktuelt å avhenda tomta frivillig

Dei meiner også at det er for lite plass til anlegget EcoInowaste ser føre seg: "I tillegg til å rasere heile utgangen til dette turistmessig attraktive dalføret, skal det tilsynelatande førast opp inntil seks tankar (for lagring av pellets eller søppel?) på 15-20 meter i grushola. Det er ikkje fysisk mogleg."

Vidare at dei stiller seg tvilande til om grunnen er eigna for eit slikt føremål: "Dei undersøkingane som er gjort, er neppe vitenskapelege nok til å avdekkje dei vanskelege forholda, med til dels bratt djupn, der det er vanskeleg å setje pelar, eller om ein tenkjer seg å fylle ut, må ein vere klar over at ei steinfylling ikkje har noko å liggje på i sjøen."

Brevet er underteikna Ingrid Bjørkum på vegner av grunneigarane for den aktuelle tomta. Grunneigarane gjer det klart at det er heilt uaktuelt å avhenda eigedommen frivillig:

"Dersom grundige, dokumenterte analysar skulle tilseie at Erdal er den beste plassen for kai av denne storleiken på sørsida av Sognefjorden, alle forhold lagt til grunn, skal vi ikkje setje oss mot eit konstruktivt samarbeid, der vi er med på å leggje premissane, men å avhende eigedomen er uaktuelt".

"Cowboytaktikk"

Både grunneigarane og naboane tykkjer dei er informerte lovleg seint - dei fekk høyra om at saka skulle opp for politikarane ei veke før den faktisk skal det:

- Me har sett nokre drypp i media og vore på Rådhuset. Der har me fått beskjed om at det ikkje finst planar - at dette berre er blese opp, men at viss det skulle koma noko, så burde me sjå positivt på det, seier Monica Brugrand. 

Førre torsdag fekk dei telefonen frå ein representant frå Simas:

- Eg sa me vil gjera det me kan for å stoppa dette, for me er heilt i mot det. Men eg fekk inntrykk av samtalen at det meir eller mindre var i boks, held ho fram. 

"Blir oppstart av reguleringsplan vedteken slik saka no står, er det rein overkøyring av oss som grunneigarar. Kommunestyret stadfestar då at å drive med rein cowboytaktikk er måten å nå fram på", skriv grunneigarane. ​

Ernst Inge og Monica Brugrand understrekar at dei absolutt ikkje er mot utvikling av bygda, men spør seg kor mykje ein skal ofra i høve kor mykje ein er sikker på å få att:

- Om dei er viljuge til å øydeleggja to nærmiljø for å få ein industri bør dei vera heilt sikre på at ein faktisk tener noko på dette.

Artikkelen held fram under kartet

SKISSA: Området markert med blå strek ønskjer EcoInowaste - hamna skal altså strekkja seg frå munningen på Erdøla, eit godt stykkje ut i fjorden og heilt inn i bukta. Den største blåe bygningen i vasskanten på skissa er den raude bygningen på bileta over, huset til familien Brugrand den brune bygningen ved innkøyrsla og grushola det kvite feltet som strekkjer seg sørover frå krysset. Skisse henta frå vedlegget til saksdokumenta
SKISSA: Området markert med blå strek ønskjer EcoInowaste - hamna skal altså strekkja seg frå munningen på Erdøla, eit godt stykkje ut i fjorden og heilt inn i bukta. Den største blåe bygningen i vasskanten på skissa er den raude bygningen på bileta over, huset til familien Brugrand den brune bygningen ved innkøyrsla og grushola det kvite feltet som strekkjer seg sørover frå krysset. Skisse henta frå vedlegget til saksdokumenta

- Alle kan ikkje vera einige i alt

Grunneigarane og naboane undrar seg også over at hamna skal måtte plasserast akkurat der det bur folk langs den nesten to mil lange fjordlinja mellom sentrum og Revsnes - at ikkje til dømes nettopp Revsnes ville vera ei betre løysing.

Dette forklarar ordførar Jan Geir Solheim slik:

- Sjøvlsagt har ein vurdert Revsnes, men det er ein grunn til at kaia der ute vart nedlagt. Eg tviheldt på den lenge. Men det er komplisert ytst - vanskeleg å utvikla. Og dei siste fire kilometrane av vegen er utsette for steinsprang.

Han presiserer også at det no er snakk om mogleg oppstart av reguleringsarbeid.

- Såleis er det altfor tidleg å seia noko om konsekvensar. Kva ei hamn skal brukast til klan vera så mangt; stykkgods, tømmer, bilar og mykje anna. Poenget med dette er å halda alle moglegheiter opne

- Naboane og grunneigarane reagerer på at det går for fort og at dei er lovleg seint informerte?

- Det skjønnar eg, men me har eigentleg venta altfor lenge. Som tilretteleggjar må kommunen ta nokre grep. Håbakken og hamn er inne i dei overordna planane til kommunen. Og eg vil heller få kritikk for at går for fort enn for sakte. Alle kan ikkje vera einige i alt.  Me må spørja oss om me ønskjer utvikling og trafikk eller om me ønskjer at det skal vera stille. Og grunneigarane vil få moglegheita til å bli med på dette.

Til toppen