HOPPING: Elevane må hoppa frå kanten som ein del av kravet for å ta symjemerket Kvalen. Symjelærar Ruth Laberg organiserer. Foto: Ole Ramshus Sælthun
HOPPING: Elevane må hoppa frå kanten som ein del av kravet for å ta symjemerket Kvalen. Symjelærar Ruth Laberg organiserer. Foto: Ole Ramshus Sælthun

– At ungane blir trygge i vatn bergar liv

Allidretten og symjegruppa i IL Jotun gir no barneskuleelevar tilbod om å ta ulike symjemerker.

Årdal: – Det er mykje snakk om på landsbasis at born er for dårlege i vatn. Difor er det veldig bra at me kan stilla med symjelærarar her, seier Ingeborg Hjelle, leiar i symjegruppa.

Denne dagen er 21 av 33 fjerdeklassingar på Farnes skule i symjehallen i Øvre Årdal for å ta symjemerket Kvalen. Dei må gjennom tre øvingar; henta ringar frå botnen av bassenget, symja gjennom ringar på botnen og hoppa frå kanten.

Les også: Lærer symjeteknikk frå norsk meister

Les også: Her jaktar store og små tidelar i bassenget

– Det handlar om å tora å hoppa uti og tåla å kjenna presset i øyrene under vatn, seier Hjelle.

Artikkelen held fram under biletet

UNDER VATN: Å symja gjennom ringar som står på botnen av bassenget er ei anna øving elevane må gjennom for å få symjemerket Kvalen.
UNDER VATN: Å symja gjennom ringar som står på botnen av bassenget er ei anna øving elevane må gjennom for å få symjemerket Kvalen.

Vil tilby fleire merker

Merketakinga er ein del av programmet til allidretten og symjegruppa stillar med symjelærarane Ruth Laberg, Anita Laberg Øvstetun og Cecilie Brun.

– Me meiner at fjerdeklasse er eit høveleg tidspunkt å ta merket på i høve kor mottakelege ungane er for informasjon og kor læreviljuge dei er.

Hjelle fortel dei også har bestilt inn to andre merker som det vil bli tilbod til elevane om å ta: Selen, som går på flyteevne og Delfinen, som handlar om rørsler under vatn.

– Kva me gir tilbod om og organiserer kjem jo litt an på kor populært dette blir, men 21 av 33 fjerdeklassingar her i dag er veldig bra. Og at ungane blir trygge i vatn reddar liv.

I etterkant av merketakinga kan Hjelle melda om at alle elevane som prøvde, klarde å ta merket Kvalen.

Til toppen