Luster: Alarmen går! Seks personar er sakna i fjellet. Fem av dei er tekne av skred, og éin forsvann då ho gjekk etter hjelp. Etter femten minutt under snøen byrjar sjansen for å overleve å minka, so dei frivillige har berre tida og vegen.
Denne gongen er det heldigvis berre ei øving, men neste gong kan det vere ei ekte rasulukke.
– Det er viktig at me får øvd på slike ting. Både to- og firbeinte treng å pussa på kunnskapane innimellom, seier Knut Skår, hundeførar hjå Norske redningshundar.

Me er i Fardalen i Øvre Årdal for å trena. Knut Skår og andre har allereie vore på fjellet og gravd ned peilarar dei frivillige skal leite etter. Det er kring ti minusgrader, men sola skin og det bles lite. Det er vêr for toppturar på bratte fjell og kjekke heng – perfekt for både skikøyring og snøskred.
Vel femten minutt i ein hengar bak ein skuter tek oss opp til Kolnostinden der "raset" har gått.

Etter eit raskt gruppemøte set gjengen i gong med arbeidet. Tre skuterar og ein hund fer av garde for å finna turgåaren som gjekk etter hjelp – resten dreg opp skredsøkjarane sine og byrjar gå sikksakk opp i lia. Hundeføraren slepp Atlas laus og han spring ivrig opp i bakken.
– No vert det spanande å sjå korleis han jobbar, seier Skår.
Han har ikkje med seg eigen hund opp på fjellet, men skal koordinere søkjet med peilar og radio.
Plutseleg byrjar Atlas grave i snøen førti meter oppe i bakken. Han luktar folk!

So snart hunden har markert, kjem dei frivillige til med søkjestenger. Dei sondar etter lommer i snøen, og sant nok, Atlas hadde rett. Dei finn ein mann ein halvmeter under bakken.
– Går det bra med deg der nede? Berre ligg i ro, so skal me få deg ut.
På få minutt får dei mannen ut av hola. Heldigvis er denne karen heilt uskadd.

– Dette var jo kanonkjekt! Eg kan godt tenkje meg å vera med fleire gongar, seier Iben André Jahren.
I vel ein time har han ligge under snøen og venta på å bli redda.
– Det gjekk ikkje lang tid frå eg høyrde lydar utanfor til hunden kom gravande inn. Han var heilt i hundre, seier Jahren.
– Er det godt å kome ut no då?
– Nei, det var ikkje so kaldt der nede, eigentleg. Det blas litt mindre der enn her oppe, seier Jarhen til latter frå ein hutrande frivillig.

– Slike øvingar vert meir og meir aktuelle
Grunnen til at Norsk Folkehjelp og Norske Redningshundar trenar i Fardalen er at fjella vert meir og meir populære.
– Det byrjar å bli ein god del trafikk her i fjellet. Dei som var her og stakk opp løypene sa dei aldri hadde sett so mykje skispor i dalen, seier Skår.
Og sjølv om Atlas var flink å finna fram og dei frivillige fann dei fleste andre peilarane raskt, var ikkje operasjonen utan feil. Innimellom sleit søkjarane med å få signal, nokre av dei som gjekk i skredet gjekk om einannan og hundane sprang etter kvarandre. Likevel var øvinga ein suksess.
– Eg tykte det var godt jobba, dette her, vart det sagt i oppsummeringa etter søkjet.

– Neste år ynskjer me å ha ei stor øving med mellom anna Luster Røde Kors. Det krev litt planlegging om me skal trena på grensa til nasjonalparken, seier Skår.
– Då me ser trafikken i fjellet aukar slik den gjer no, er det viktig at me får trent opp både frivillige og hundar om uhellet skulle vera ute, seier Skår.
Dei frivillige tek allereie til å planlegge neste øving utan so mykje som ein kaffipause, men mi tid på fjellet er over for denne gong og eg spenner på meg skia for å kome meg ned att. Sjølv etter å ha sett kor effektiv Atlas var på å finna fram, dobbeltsjekkar eg at skredsøkjaren min er på. Best å vera på den sikre sida.
