ULIKE: Ingrid Heggø viser til forskjellar i politikken til Arbeidarpartiet og Høgre.
ULIKE: Ingrid Heggø viser til forskjellar i politikken til Arbeidarpartiet og Høgre. (Foto: Privat)

MEININGAR

«Åtte år med høgrestyre har vore for mykje. Tolv år kan gjere uboteleg skade»

– Det er lenge sidan meir har stått på spel, skriv Ingrid Heggø (Ap).

Meiningar: Billegare å vere milliardær, dyrare å bli sjuk. Full gass vidare mot privatisering av helsevesenet. Sveltefôring av kommunane.

H/KrF/Venstre-regjeringa sitt statsbudsjett var eit påfallande dårleg svar på landet sine utfordringar, med aukande forskjellar mellom høg og låg, by og land, aukande frykt for eit A- og B-helsevesen og kommunar som må kutte i bemanning og velferdstenester.

Store forskjellar

Nyleg viste ein SSB-rapport at forskjellane er langt større enn vi har trudd, med formuesskilnader som i klassesamfunnet Storbritannia. Dei rikaste betaler 90-170 kr i skatt for kvar tusenlapp dei tener, ein sjukepleier 250 kr. Det er ikkje rettferdig.

Og no vil Høgre fjerne heile formuesskatten. Det vil gi 25.000 nullskatteytarar, svekka velferd i kommunane og slå stygt ut geografisk: Bærumsfolk aleine får over 200 millionar – meir enn heile Nord-Noreg til saman.

Vi er meir arbeidarparti enn på fleire tiår, og har presentert vårt største løft i distriktspolitikken sidan 1970-talet.

Ingrid Heggø

Fleire arbeidsplassar blir det heller ikkje, tvert imot viser ein fersk rapport – bestilt av regjeringa – at det blir færre. Høgre står att med eitt argument: «Rikfolk liker heller ikke å betale skatt, og det er dem vi er til for.» 

Omfordeling er svaret

Arbeidarpartiet sitt svar er omfordeling med skattelette til vanlege arbeidsfolk, auka pendlarfrådrag og fagforeiningsfrådrag. Pensjonistane skal sikrast auka kjøpekraft når lønsmottakarane får det.

Vi går til val på trygt arbeid til alle, sterkare velferdstenester over heile landet og ein rettferdig klimapolitikk som kuttar utslepp og skaper arbeidsplassar – ikkje minst i distrikta. Vi er meir arbeidarparti enn på fleire tiår, og har presentert vårt største løft i distriktspolitikken sidan 1970-talet.

Det folk i distriktet bla i Sogn og Fjordane likevel veit betre enn dei fleste, er at distriktsoptimisme er tett knytt til velferdsstaten og industrien – Arbeidarpartiets kjernesaker. Det var utbygginga av kommunal velferd som mest av alt gjorde 1970-talet til «Distrikts-Noregs gylne tiår». Oljepolitikken, som Ap var arkitekten for, låg til grunn. Den la òg grunnlaget for den viktige leverandørindustrien langs kysten. Derfor lever vi godt med Høgre-angrep mot vårt varsel om nytt løft for statleg industripolitikk.

Det er lenge sidan skilnaden mellom Ap og Høgre har vore større. Og det er lenge sidan meir har stått på spel. Åtte år med høgrestyre har vore for mykje. Tolv år kan gjere uboteleg skade. 

Til toppen