LISENSJAKT: Laurdag startar lisensjakta på jerv i region 1. Rovviltnemnda har gitt løyve til felling av åtte jervar. Arkivfoto: SNO-Aurland, rovviltseksjonen 
LISENSJAKT: Laurdag startar lisensjakta på jerv i region 1. Rovviltnemnda har gitt løyve til felling av åtte jervar. Arkivfoto: SNO-Aurland, rovviltseksjonen  (Foto: Statens Naturoppsyn)

Åtte jervar kan fellast i lisensjakta

Rovviltnemnda har vedteke at åtte jervar kan fellast under årets lisensjakt i region 1.

Indre Sogn: Lisensjakta gjeld for heile Sogn og Fjordane. Jakttida er frå 10.september 2016 til 15.februar 2017.

Det er eit mål å auke talet på jervar som blir felte under lisensjakta slik at behovet for ekstraordinært uttak vert mindre. Lisensjegerar kan vende seg til Jegerregisteret for å få lisens. Jervejakta krev i tillegg løyve frå grunneigar.

Jegerar som skal på jervejakt pliktar å halde seg oppdatert om den attverande kvoten på telefon. Den som feller jerv, eller løyser skot mot jerv, skal også straks melde frå til Fylkesmannen og Statens Naturoppsyn.

Nemnda vedtok også lisensjakt på tre ulvar i region 1 for perioden 1. oktober 2016 – 31. mars 2017.

Til toppen