AVSKILTA: Måndag vart åtte personbilar avskilta på Håbakken i Lærdal. Foto: Arkiv. 
AVSKILTA: Måndag vart åtte personbilar avskilta på Håbakken i Lærdal. Foto: Arkiv.  (Foto: Arkiv)

Åtte personbilar avskilta på Håbakken

Måndag vart fleire bilar avskilta då Statens vegvesen kontrollerte om eigarane hadde betalt forsikring og gjennomført årskontroll. 

Lærdal: Dei som blir avskilta på staden må anten leiga seg prøveskilt for å koma derifrå, eller så må dei få skyss. Bilen blir uansett ståande igjen til førar har ordna opp i saka sjølv. 

– Dei fleste klarar å ordna opp, seier Bjarte Frækaland, inspektør i Statens vegvesen. 

Den siste tida har Statens vegvesen gjennomført fleire kontrollar av både personbilar og lastebilar på trafikkstasjonen på Håbakken i Lærdal. 

Mange må purrast på

322.000 bileigarar har enno ikkje betalt årsavgifta. Det er litt fleire enn i fjor. Til saman skuldar dei 840 millionar kroner.

No sender skatteetaten ut purring på årsavgifta som forfall til betaling 21. mars. Talet på purringar har gått opp frå 8,40 prosent i fjor til 8,66 prosent i år, fortel Statens vegvesen.

Folk i Sogn og Fjordane er dei flinkaste til å betala innan fristen. Så mange som 93,5 prosent av bileigarane i fylket betalar i tide.

Folk i Finnmark hamnar i den andre enden av skalaen. Der får 10,9 prosent purring i posten.

Dei som får purring, må i tillegg betala ei tilleggsavgift. Fristen for å betala er 4. mai. Dersom ikkje det skjer, blir krava overførte til Statens innkrevjingssentral, som vil krevja inn summen frå den som eigde bilen 1. januar. Det betyr at eigaren blir trekt i løn eller trygd.

Dersom ikkje alle avgiftene er betalte innan fristen på purringa, blir bilen avskilta.

Kvilte under ein time

For eit par veker sidan hadde vegvesenet storkontroll av langs E16 i Lærdal og fann feil på 59 av 500 kontrollerte køyretøy. Av desse var 11 køyretøy avskilta.

– I snitt har me tre til fire kontrollar for større køyretøy i veka. Dei siste to åra har det vore mest brot på køyre og kviletid, seier Frækaland. 

Alle yrkessjåførar må kvila minst ni timar i løpet av ein reise på 24 timar og ein kan ikkje ha meir enn seks slike turar i veka. 

– Det grovaste me har vore borti var ein sjåfør som hadde kvilt under ein time på ein 24-timars køyretur, seier inspektøren. 

Fleire saker meldt til politiet

Dei siste to vekene har fleire av hendingane på Håbakken blitt meldt til politiet. 

– Me har fått inn to meldingar om køyring utan gyldig førarkort og tre sjåførar vart meldt grunna brot på køyre og kviletida. Det har også vore nokre tilfelle med kabotasje, seier Ørjan Eraker, politibetjent i Lærdal. 

Som reglen er det førarretten til sjåførane som er utgått og ikkje fornya, slik som skal gjerast kvart femte år med legeattest. 

– Kabotasje går ut på at utanlandske sjåførar som leverer varer til Noreg kan frakta last til fleire destinasjonar i Noreg. Om ein har dokument på at ein har lov til det, kan ein gjennomføre tre slike turar på sju dagar, om ein ikkje har dokumenta i orden, så er det uloveleg og dette blir meldt til politiet, seier Frækaland. 

Tips frå publikum

Trafikkstasjonen på Håbakken kontrollerer blant anna lastesikring, bremsene og at alt er i orden på dei som køyrer farleg gods. 

– Me får mykje tips frå publikum og politiet som ringjer oss om køyretøy som dei meiner at me burde sjå nærare på, seier Frækaland. 

I løpet av vintersesongen, var det dekk og kjetting som vart mest kontrollert på Håbakken. På vårparten, går det mest i køyre- og kviletid. 

– På ein del av lastebilane er bremsene framleis varme når dei kjem ned til oss etter å ha køyrd ned frå fjellet, seier inspektøren. 

Til toppen