ATTGROING: Dersom kulturlandskapet rundt fjordane held fram med å gro igjen, kan både Geiranger og Nærøyfjorden kome til å miste verdsarvstatusen. ​Foto: Wikipedia commons.
ATTGROING: Dersom kulturlandskapet rundt fjordane held fram med å gro igjen, kan både Geiranger og Nærøyfjorden kome til å miste verdsarvstatusen. ​Foto: Wikipedia commons.

Attgroing truar verdsarvstatusen til fjordane

Dersom kulturlandskapet rundt fjordane held fram med å gro igjen, kan både Geiranger og Nærøyfjorden kome til å miste verdsarvstatusen. 

Aurland: Fjordområda ved Geiranger og i Norddal fekk verdsarvstatus i 2005, saman med områda kring Nærøyfjorden i Aurland i Sogn og Fjordane. Eitt av krava for å halde på statusen, er at kulturlandskapet skal haldast oppe. No fryktar leiarane i Vestnorsk fjordlandskap og ordførarane i områda at gjengroing kan true verdsarvstatusen, som kvart år trekkjer til seg tusenvis av turistar. 

– Vi har ei felles forståing for at situasjonen er dramatisk. Kulturlandskapet er ein viktig del av verdsarven. No må vi drøfte kva tiltak som må til for å handtere denne situasjonen, seier ordføraren i Norddal, Arne Sandnes, til NRK.

Han viser til at dei store endringane i landbruket er den viktigaste årsaka til situasjonen. Tidlegare heldt beitedyr og aktivt landbruk kulturlandskapet i hevd, medan landskapet no er i endring med busker og kratt som veks opp.

– Rasjonaliseringa har ført til at færre arbeider i landbruket. Bruka har blitt større. Det har blitt færre husdyr som brukar utmarka. Då gror det igjen, seier Sandnes.

Han viser til at kommunane og fylket ikkje lenger kan handtere utfordringa åleine, og at det derfor vil bli arrangert eit "vekkingsmøte" i nær framtid der sentrale politikarar og representantar for næringslivet og reiselivet vil bli inviterte. 

Til toppen