(Foto: Meieriet)

Åtvarar mot falske billettar

Fleire falske billettar er forsøkt selt til Arif-konserten i kveld. – Dette er veldig nytt for oss, fortel Marita Helland, styreleiar ved Studenthuset Meieriet.

Sogndal: Tidlegare i kveld la Studenthuset Meieriet ut melding om at det er fleire falske billettar som er forsøkt selt til Arif-konserten i kveld.

– Me minnar om at våre billettar blir selt gjennom LinTicket, og er du usikker på selgar; ikkje kjøp, skriv Meieriet på Facebook.

Dei opplyser også om at dei ikkje kan hjelpe om ein vore så uheldig og kjøpt ein falsk billett.

– Dette er noko me har opplevd nokre gonger i haust. Då ved arrangement der billettar har gått fort og eller blitt utselt, seier Marita Helland, styreleiar ved Studenthuset Meieriet.

Ho fortel at dei falske billettane hovudsakeleg blir selt via falske profilar på nett, via e-post og meldingar.

– Sånn me ser det, er det ganske nytt i Sogndal, fortel styreleiaren.

Kveldens artist Arif laget det kritikarrosa albumet «HighEnd / Asfalt» i 2015, vann Spellemann i 2017 og er for tida på turnè med albumet sitt Arif in Waanderland.

Til toppen